Jenny Klinge (Sp): I Statsadvokatens inspeksjonsrapport som gjennomgjekk 12 saker knytta til mishandling i nære relasjonar konkluderer Agder Statsadvokatembete den 21. januar: «Summen av ren liggetid og sen saksbehandling har i samtlige saker blitt for lang, og i enkelte tilfeller kan det konstateres brudd på EMK artikkel 6 om retten til rettergang innen rimelig tid».
Kvifor er saksbehandlinga i desse alvorlege sakene så lang at Statsadvokaten konstaterer brot på EMK artikkel 6 når eitt av måla med «nærpolitireforma» var raskare saksbehandlingstid?
Begrunnelse
Noko av forseinkinga kan bli forklart med pandemien, men fleire av sakene vart anmeldt i 2018 og 2019 og hadde allereie ei uakseptabelt lang liggetid fram til mars 2020. I fleire saker tok det opp mot fire månader før mistenkte vart avhøyrt. Frå anmeldelse til tiltalebeslutning tar det i mange tilfelle opp mot 1,5 til 2 år. Dette er ei enorm meirbelastning for dei involverte, som får liva sine sett på vent.