Jenny Klinge (Sp): På NRK.no vart det den 13. mai publisert ei sak som ein overgripar som Kripos fekk tips om, men som vart liggande i fire månader før det vart sendt vidare til det aktuelle politidistriktet. I mellomtida skal mannen ha utført minst tre overgrep mot barn.
Kva vil statsråden gjera for at noko liknande ikkje skjer igjen?
Begrunnelse
I Riksrevisjonen sitt dokument 3:5 (2020-2021) står følgande:
«I intervju sier Kripos at de ikke har kapasitet til å gå gjennom alle tipsene som kommer inn hvert år. De anslår at det kommer inn om lag 10 000 tips årlig bare fra NCMEC. Kripos estimerer at de gikk gjennom omkring 45 prosent av alle tips som kom inn 2019».
Fleire tusen tips blir med andre ord ikkje kontrollert av Kripos årleg.
Denne problemstillinga har vore kjent i fleire år. I 2019 kom rapporten «Seksuell utnyttelse av barn og unge over internett» frå Kripos. Der står det mellom anna at Kripos i 2018 tok imot meir enn 10 500 tips frå NCMEC (National Child Exploration Coordination Centre). Spesialeininga mot kriminalitet på nett, NC3 på Kripos, vart oppretta i 2019. Det var då ein ambisjon om å auke til 200 tilsette hjå NC3 innan utgangen av 2021, men mellom anna grunna stramt budsjett vart ambisjonen redusert til 150. Senterpartiet fremma i samband med Politimeldinga eit forslag om å halde fast på målet om 200 tilsette, men regjeringa og Frp stemte dessverre mot dette. Resultatet kan bli at ungar blir offer for overgrep frå overgriparar som politiet allereie har fått tips om og som dei såleis kunne ha stoppa i tide, jamfør saka frå NRK.