Jenny Klinge (Sp): Kor mange nestleiarar skal tilsettast i dei nye tingrettane og kor mykje vil dette koste årleg?
Begrunnelse
I Dagbladet den 13. mai 2021 seier justispolitisk talsperson frå Høgre, Peter C. Frølich: «Vi har ønsket å få flere dommere og mindre byråkrati og det får vi til nå».
I styreprotokollen frå Domstoladministrasjonen den 19. april 2021 kjem mellom anna følgande fram: «I ny ledelsesstruktur for domstolene i første instans er det anbefalt nestlederembeter i alle domstoler med mer enn 20 årsverk. I dagens struktur er det totalt 8 nestledere (…)». Per no har det vorte lyst ut åtte ledige stillingar som nestleiarar ved tingrettane. Desse stillingane gir ei løn på meir enn 1,3 million kroner. Berre desse stillingane vil koste eit tosifra antal millionar årleg.