Skriftlig spørsmål fra Per Espen Stoknes (MDG) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2344 (2020-2021)
Innlevert: 01.06.2021
Sendt: 01.06.2021
Besvart: 11.06.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Per Espen Stoknes (MDG)

Spørsmål

Per Espen Stoknes (MDG): Luftkvaliteten i Lillesand kommune, spesielt rundt Fyrusmoen industriområde, er sterkt preget av forurensing fra produksjon av silisiumkarbid på Fiven.
Vil regjeringen kreve at tiltak som bedrer luftkvaliteten kommer på plass raskt, og er det aktuelt å stille opp med statlige midler som kan hjelpe Fiven med å redusere utslippene?

Begrunnelse

Allerede kjemper Fiven AS på kanten av tillatelser de har fått fra Miljødirektoratet. Det etableres ikke nok renseannlegg og vannlysere for å redusere utslippene fra produksjonen.
Flere dager ligger luftkvaliteten i grenseland for hva som tillates i Norge. Lokalbefolkningen har gjentatte ganger klaget på forurensning fra Fiven, både til statlige etater og til kommunen.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Det har i fleire år vore ei utgreiing av ulike tiltak for å redusere utsleppa frå bedrifta Fiven Norge AS avd. Lillesand. Bedrifta har no etablert reinsing av utslepp til luft på ein del av prosessen, og ytterlegare reinsing er planlagd dei neste årene. I løpet av 2021 er det planlagt å reinse utslepp frå halvparten av prosessen. Bedriftas løyve etter forureiningslova blei endra seinast i desember 2020, og utsleppsgrensene til luft blei skjerpa inn. Utsleppsgrensene som er fastsette inneber at det frå 1. januar 2022 ikkje lenger vil vere overskridingar av grenseverdiar eller målsetjingsverdiar i forureiningsforskriftas kapittel 7 i bedrifta sitt nærområde. Utsleppsgrensene har også gradvis blitt skjerpa inn ytterlegare etter dette slik at luftkvaliteten vil vere god innan 2024.

Sjølv om Noreg er blant dei landa i Europa som har lågast risiko for tidleg død som følgje av lokal luftforureining, veit vi at denne typen forureining kan føre til alvorlege helseplager. Eg er derfor opptatt av at vi i størst mogleg grad skal forhindre luftforureining ved å stile krav til bedrifter som har forureinande utslepp. Arbeidet med å betre luftkvaliteten i byer og tettstader har blitt jobba med over fleire år, og målingane viser no positive resultat.

Det er ikkje aktuelt for staten å stille opp med statlege midlar for å rydje opp eller avgrense forureining som skriv seg frå Fiven Norge AS. Hovudregelen etter forureiningslova er at forureining er forbode, med mindre ein har fått utsleppsløyve frå forureiningsmyndigheita til å drive forureinande verksemd. Ei verksemd som har fått utsleppsløyve plikter å halde utsleppa innafor kva dei har løyve til og å gjennomføre naudsynte forureiningsavgrensande tiltak. At verksemda sjølv må ta ansvaret for å bere kostnadene for å gjennomføre krava i utsleppsløyve med reinsekrav med meir, er i tråd med prinsippet om at forureinar skal betale.