Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2493 (2020-2021) Innlevert: 17.06.2021 Sendt: 17.06.2021 Besvart på vegne av: Landbruks- og matministeren Besvart: 23.06.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn
Marit Knutsdatter Strand (Sp): Midler til konfliktdempende tiltak er etterspurt. Landbruksdirektoratet fordeler noe midler før resten går via fylkene. Norske Kadaverhunder bidrar aktivt for å avklare tap av beitedyr og forebygge, blant annet med en beredskapstelefon 24/7. Kan foreninga få driftsstøtte av midlene fra direktoratet til sin nasjonalt dekkende virksomhet, vil statsråden oppdatere forskrift om FKT-midler slik at det også kan omfatte denne type virksomhet, eller ser statsråden flere muligheter for å sikre at behovet for kadaverhunder blir ivaretatt?
Sveinung Rotevatn: Innleiingsvis vil eg vise til at tilskot til førebyggande og konfliktdempande tiltak er pengar som i all hovudsak blir fordelt til dei åtte forvaltningsregionane for rovvilt. Rovviltnemndene legg føringar for bruken i den enkelte region, og det er statsforvaltaren som behandlar søknadane om tilskot frå beitebrukerar og andre. Miljødirektoratet held tilbake ein mindre del av pengane for tiltak av nasjonal karakter, samt til midlar til bruk ved omstilling frå sauebruk som dei har ansvaret for.Ved behandling av søknadar over tilskotsordninga må forvaltninga gjere prioriteringar, og generelt vil det vere slik at tiltak med best mogleg direkte tapsreduserande effekt blir prioritert høgast. Bruk av kadaverhund har ikkje ein direkte tapsreduserande effekt, men det er likevel mogleg å gje tilskot til dette som eit konfliktdempande tiltak. Det er tidlegare gitt støtte til bruk av kadaverhund, men det er altså noko som må vurderast frå år til år og i ei prioritering mellom ulike søknadar.Når det gjeld den delen av spørsmålet som handlar om driftsstøtte til ei nasjonalt dekkjande verksemd med kadaverhundar, er eg kjent med at Miljødirektoratet har vurdert dette tidlegare og meiner ein slik generell beredskap ikkje er eit tiltak ein vil prioritere over tilskotsordninga for førebyggande og konfliktdempande tiltak. Eg kan sjå at kadaverhund er eit verkemiddel som beitenæringa kan ha stor nytte av i alle område der beitedyr går tapt. Likevel er eg einig med Miljødirektoratet at ordninga med tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak mot rovviltskadar fyrst og fremst er aktuelt for søknadar i område med rovviltskadar, og ikkje som eit meir generelt tiltak i alle område med tap av ulike årsaker.