Silje Hjemdal (FrP): Vil kulturministeren ta initiativ til at samlingane på Brandal løftast opp til å bli eit nasjonalt senter med årlege løyvingar over statsbudsjett?
Begrunnelse
I samband med FrPs kulturfraksjons rundreise på Sunnmøre hadde vi gleda av å besøke Ishavsmuseet Aarvak i Brandal. Eit imponerande dokumentasjonssenter over norsk selfangst og overvintringsfangst som ikkje finst andre stadar i landet. Etter ei omfattande og opplevingsrik omvising som først omfatta besøk om bord i ishavsskuta Aarvak frå 1912 og Polarstar frå 1948, som på kvar sin måte representera skuter frå ulik tidsperiodar for selfangsten og ekspedisjonar i polarområda, gjekk vi så gjennom den omfattande og innhaldsrike utstillinga til museet.
Det mest fantastiske med denne samlinga ved Ishavsmuseet er at den i all hovudsak er kome til gjennom privat engasjement og lokal dugnad gjennom 40 år. Ja, samlinga er så viktig og omfattande at den har stor interesse og verdi langt utanfor Noregs grenser. Museet har såleis knytt samarbeidsavtalar med 3 Canadiske museum; Pier 21 museet i Canada, Fisheries Museum of the Atlantic, Lunenburg, Canada og Royal Ontario Museum, Toronto, Canada med tanke på styrking av fagleg kompetanse, dokumentasjon og formidling.
Viktige punkt i samarbeidsavtalane erFormidling, Forvaltning, Fornying og Forsking. Dei same punkta er viktige i samarbeidsavtalane Ishavsmuseet har i Noreg med Frammuseet og Svalbard museum. I 2016 vart Ishavsmuseet også innlemma i det store nye polarnettverket Polar Museums Network, som samlar alle dei viktigaste musea rundt om i verda som formidlar polarhistorie. Her finn du museum frå Syd- og Nord Amerika, Storbritannia, Tyskland, Italia, Japan, og Sverige.
Dette viser at dokumentasjonssenteret på Brandal burde vere i posisjon som eit nasjonalt dokumentasjonssenter for denne delen av norsk polarhistorie. Slik jeg forstod det hadde statsråden også vore på besøk ved museet to gongar, og kome med sterke signal på viktigheita som denne samlinga representerar, noko vi er svært einige i.
I samband med dette viser jeg også til komiteens merknad i samband med RNB 2021 med følgjande tekst:
Flertallet viser til at kystkulturen er en viktig del av Norges kulturhistorie og identitet, og vil rose de mange ildsjelene og flotte initiativene langs kysten til å bevare denne delen av norsk kulturhistorie for fremtiden. Ishavsmuseet Aarvak i Brandal er et av flere eksempler på dette, og arbeidet med å restaurere ishavsskuta MS Polarstar er et prisverdig initiativ til å bevare norsk maritim historie gjennom preservering og bruk for kommende generasjoner. Flertallet er enige i at Ishavsmuseet Aarvak bør vurderes for nasjonal status.
Hukar også på denne uttalen frå 2018:
Budsjettmerknad frå familie- og kulturkomiteen, 4. des. 2018
«Et annet flertall, medlemmene frå Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og Kristelig Folkeparti skriver i sin merknad (...). Dette flertallet er kjent med at Ishavsmuseet Aarvak i Brandal som ble stiftet i 1981. Museet er i dag en selveiende stiftelse med formål å være et dokumentasjons- og opplevingssenter for norsk selfangst og overvintringsfangst. Museet er med i et nettverk med 16 polare museum og åtte universitet verden rundt. Her hjemme har museet avtaler med Frammuseet og Svalbard Museum. Museet har et stort polarbibliotek, og store mengder arkivmateriale. Det blir jobbet med å digitalisere dette, og målet er at mye skal kunne presenteres i det nye dokumentasjons- og formidlingssenteret som er under oppbygging. Tilskudd frå Fiskeridepartementet i 2012 gjorde det mulig å starte prosessen. Dette flertallet anmoder regjeringen om å vurdere hvordan museet kan bli et nasjonalt dokumentasjonssenter innen feltet. (…).»