Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2751 (2020-2021)
Innlevert: 06.08.2021
Sendt: 09.08.2021
Besvart: 13.08.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Kysten er sterkt forsøpla av plast. Mausundvær feltstasjon gjør en uhyre viktig jobb med å rydde kystområdene utenfor Hitra og Frøya, et område hvor svært mye plastsøppel havner. 12 mai fikk de avslag på søknad om 5,5 mill. til drift av stasjonen. Direktoratet mente det kunne komme i konflikt med statsstøtte regelverket.
Vil statsråden ta initiativ til å få på plass en ordning som sikrer at feltstasjonen på Mausundvær kan få den støtten de trenger til sitt viktige arbeid?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Å redusere marin forsøpling og spreiing av mikroplast er eit prioritert satsingsområde for regjeringa. Tilskottsordninga mot marin forsøpling som Miljødirektoratet forvaltar er ein viktig del av denne satsinga. Ordninga er på 70 millionar kroner og skal bidra til gjennomføring av oppryddingstiltak og førebyggande tiltak for å redusere marin forsøpling i Noreg. Departementet har vore i kontakt med Miljødirektoratet om saka. Miljødirektoratet fekk i år inn totalt 90 søknadar med ein søknadssum på om lag 160 millionar. Det har derfor vore naudsynt for Miljødirektoratet med ei nøye prioritering ved fordeling av tilskotsmidlane.
Eider AS, som driv Mausund feltstasjon, søkte om tilskot på til saman 5,5 millionar kroner, men fekk avslag på søknaden sin. Klima- og miljødepartementet er kjend med at avslaget på søknaden er klaga på, og ligg hos Miljødirektoratet til behandling. Departementet kan derfor ikkje uttale seg konkret om saka.
Regjeringa la 10. august fram ein heilskapleg plaststrategi som handlar om globale, regionale og nasjonale tiltak mot plastforureining. Det kjem fram av plaststrategien at tilskotsordninga no skal evaluerast, i lys av mellom anna utviklinga i oppryddingsarbeidet.