Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2759 (2020-2021)
Innlevert: 08.08.2021
Sendt: 09.08.2021
Besvart: 20.08.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Miljødirektoratet har tidligere i år fremmet forslag om flere landskapsvernområder i Gjevilvassdalen i Oppdal. Dalen er en svært verdifull dal med tanke på natur og friluftsliv. Ny hyttebygging truer i dag verdiene i dalen. Derfor bør landskapsvernområdet være betydelig større enn det Miljødirektoratet har foreslått.
Vil statsråden sørge for at store deler av dalen blir et landskapsvernområde?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: I Stortinget si handsaming av naturmangfaldmeldinga var ein samla energi- og miljøkomité positiv til å verne etter naturmangfaldlova naturtypar og økosystem som er mindre godt dekka av vern, og til å utvide verneområde som er for små til å ta vare på verneverdiane. Alle partia var òg positive til at regjeringa ville utvide eksisterande verneområde for å bevare økologiske nettverk og gjere områda meir robuste mot klimaendringar.
Statsforvaltarane har vurdert aktuelle område og gitt innspel til Miljødirektoratet. Direktoratet har vurdert naturverdiane, og dei har hatt dialog med alle aktuelle kommunar. Klima- og miljødepartementet fekk i april i år ei naturfagleg utredning i frå Miljødirektoratet på verneområde som vart anbefalt utvida eller vurdert verna som nasjonalpark. Direktoratet anbefaler å starte verneprosess for fire heilt nye og 16 utvidingar av noverande verneområde, til saman 1440 km2. I tillegg er det fem område på til saman 660 km2 der direktoratet vurderer at det gjennom meir dialog med kommunane kan vere mogleg å få lokal aksept å starte verneprosess. Dei anbefaler òg å gjere om seks landskapsvernområde til nasjonalpark.
Naturmangfaldlovas føresegner om vern skal både sikre ulike typar natur og vil også sikre at ein kan drive enkelt friluftsliv i områda. I Trollheimen foreslår direktoratet å utvide dagens landskapsvernområde tre stader, der verdiane kvalifiserer til vern etter naturmangfaldlova. I tillegg er det forslag om å endre landskapsvernområdet til nasjonalpark.
Forslaga frå Miljødirektoratet er for tida til vurdering i klima- og miljødepartementet, og eg kan ikkje på noverande tidspunkt seie kva område som vil kunne bli omfatta av endelege vernevedtak.
Eg vil samstundes understreke at kommunane har ei rekke verktøy til sin disposisjon, mellom anna i plan- og bygningslova, dersom dei ønsker å unngå inngrep som hyttebygging i viktige friluftslivsområde.