Jenny Klinge (Sp): Stemmer det at UP-mannskapa i Vestfold og nedre Telemark blir omdisponerte frå trafikkontrollar til å kontrollere ferjeanløp i minst ein månad i haust, og meiner statsråden dette er forsvarleg med tanke på trafikksikkerheitsarbeidet og målet om å førebygge trafikkulukker?
Begrunnelse
Underteikna har fått informasjon om at UP-mannskapa i Vestfold og nedre Telemark kjem til å bli omdisponerte frå trafikkontrollar til anna verksemd i minst ein månad framover, frå 8. august til minst 9. september. Dei som kontakta meg om dette er bekymra for at manglande kontrollar i trafikken vil føre til fleire ulukker. UP spelar jo ei veldig viktig rolle for å førebygge trafikkulukker. Det burde vera mogleg å bemanne kontrollane av ferjeanløpa med andre mannskap enn UP-mannskapa.