Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2809 (2020-2021)
Innlevert: 14.08.2021
Sendt: 16.08.2021
Besvart: 23.08.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden ta initiativ til at det er mulig å bidra til ferga mellom Valestrand og Breistein?

Begrunnelse

Det har sidan brua til Osterøy opna på 90-tallet vært privat fergedrift mellom Valestrand og Breistein. Trafikken har vært god og beviser at det er grunnlag for ferge her. Siste år har fergeselskapet sjølvsagt merka corona og trafikknedgang som fylgje av det. Det er fleire samband i Norge som også har omkjøringsveger, men det fergene inngår i inntektsystemet via fylkeskommunane. Det samme kunne gjerne denne fergestrekningen også vært innlemma i.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Ferjesambandet Breistein-Valestrandsfossen har etter opninga av bompengeprosjektet Kvisti bru (Osterøybrua) mellom Osterøy og fastlandet i oktober 1997 vore drive utan statstilskot. Føresetnadene for drift av sambandet går fram av St.prp. nr. 37 (1992-93) Om Kvisti bru: "Ferjesambandet Valestrandsfossen-Breistein opprettholdes i samsvar med lokale krav, men forutsettes i utgangspunktet opprettholdt uten statlige tilskudd. Framtidig rutetilbud og takster tilpasses dette."
Eg forstår at folk som skal til og frå Osterøy til nordre del av Bergen og/eller nordover synest det er praktisk å bruke ferjesambandet. Det viser seg også gjennom at ferjeselskapet (Osterøy Ferjeselskap) kan drive ferjesambandet med rutetilbod og takstar tilpassa drift utan statlege tilskot, slik Stortinget i si tid la til grunn.
Vegen som dette ferjesambandet er ein del av, har frå 1. januar 2010 vore klassifisert som fylkesveg (fv. 567 mellom Haukås og Tysse). Medan ansvaret for riksveg og riksvegferjesamband ligg til staten, ligg ansvaret for å prioritere midlar til fylkesveg og fylkesvegferjesamband til fylkeskommunane. Eit eventuelt initiativ til å bruke midlar på denne fylkesvegstrekninga må derfor kome frå Vestland fylkeskommune.