Skriftlig spørsmål fra Une Bastholm (MDG) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2872 (2020-2021)
Innlevert: 25.08.2021
Sendt: 25.08.2021
Besvart: 01.09.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Une Bastholm (MDG)

Spørsmål

Une Bastholm (MDG): Miljødirektoratet har nå avslått tillatelser til å sette ut oppdrettede fasaner og rapphøner til fuglehundtrening, og vurdert at «risikoen for unødige dyrelidelser og negativ påvirkning på naturmangfoldet veier tyngre enn nytten ved den omsøkte hundetreningen».
Kan statsråden forsikre at hensyn til dyrevelferd og naturmangfold ikke vil bli overkjørt av særinteresser i denne saken?

Begrunnelse

Over flere år har det blitt satt ut oppdrettede fasaner og rapphøner for trening av fuglehunder og fuglehundprøver. Dette er en rekreasjonsaktivitet for en begrenset gruppe fuglehundeiere, og har ingen nytteverdi for samfunnet generelt. I svar på skriftlig spørsmål 12.10.2020 uttalte statsråden: «Eg er einig i at praksisen med utsetjing av vilt for trening av fuglehundar reiser nokre prinsipielle problemstillingar når det gjeld dyrevelferd». På det tidspunktet avventet KLD avklaring fra Sivilombudsmannen om hvorvidt dyrevelferdshensyn skulle vektlegges i behandling av disse sakene. Slik avklaring, med bekreftelse på at dyrevelferd skal vektlegges, kom i november 2020. Som følge av dette avslo Miljødirektoratet søknader om utsetting av oppdrettede fugler i naturen for fuglehundtrening i 2021. Direktoratet skriver: «I vurderingen har vi lagt avgjørende vekt på de dyrevelferdsmessige problemer som er godt kjent fra ulike studier i inn- og utland.» Direktoratet peker også på at fuglene som nå er i oppdrett ikke er lovlig oppdrettet; oppdretterne ar ikke søkt om eller fått tillatelse etter viltforskriften som trådte i kraft den 1. april 2020: «Det er etter 1. januar 2021 ikke gitt noen tillatelser til oppdrett av fasan og rapphøns for fuglehundtrening.» I 2018 forbød Klima- og miljødirektoratet utsetting av stokkender for jaktformål blant annet pga. dyrevelferdshensyn. Det faglige grunnlaget bak Miljødirektoratets avslag på utsetting av fasan og rapphøne til jakttrening, er det samme. Faglitteraturen er klar på at slik oppdrett og utsetting av dyr for ulike jaktformål er dyrevernmessig uforsvarlig. Dyrevernorganisasjoner er nå bekymret for at press fra særinteresser skal få forrang foran den faglige argumentasjonen fra Miljødirektoratet. Det burde nå kunne settes punktum i saken ved at Miljødirektoratets avslag blir opprettholdt.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Klima- og miljødepartementet har omgjort vedtak frå Miljødirektoratet om avslag på søknadar om utsetjing av fasan og rapphøne til trening av fuglehundar og låglandsprøvar i 2021. I vedtak av 27. august 2021 ga departementet ti søkjarar høve til å sette ut fasan og rapphøns i 2021. I vedtaket har vi sett hen til Artsdatabanken sin vurdering av fasan som ein art med låg økologisk risiko, og at førekomstane av rapphøns stammar frå tidlegare utsette fuglar, som berre tidvis finst hekkande i Noreg. Det er ikkje funne noko som tyder på negative verkingar på naturmangfaldet ved utsetting eit avgrensa tal av desse to artane, etter utsetting fleire stader i landet i mange tiår. Departementet har også vurdert velferda til dei utsette fuglane. Departementet har lagt til grunn at ein stor del av fuglane ikkje klarer seg utover hausten og vinteren, og at det er få som hekkar. Det kan nemnast at dødelegheita hos hønsefugl som høyrer heime i Noreg også er stor. Det er samstundes ingen tvil om at Noreg har eit tøffare vinterklima enn i andre europeiske land kor det er vanleg å sette ut fasan og rapphøns. Det er grunn til å tro at vinterklimaet reduserer dyrevelferda hos fasan og rapphøns i større grad enn for våre viltlevande hønsefuglar. Oppdrett i fangenskap kan også føre til at fuglane er dårlegare tilpassa omgivnadene dei vert sett ut i, nok som påverkar mogelegheitene for overleving. På den andre sida kjem denne klageavgjersla i tidsperioden fuglane normalt settast ut i, og søkarane har innretta seg etter løyve frå tidlegare år. Fuglane det er søkt om utsetting av er no oppdretta. Alternativet til å sette ut fuglane inneverande år er å avlive dei. Omsynet til føreseielegheit for søkarane taler for at det vert gitt løyve til utsetting i år er og tillagt vekt i saka. Det er lang tradisjon for utsetting av fasan og rapphøns for fuglehundtrening og låglandsprøver, som del av førebuingar før rypejakta. Eg meiner vi må hente inn meir vitskapeleg kunnskap om påverkinga på naturmangfald ved utsetting av fasan og rapphøns i Noreg, og om velferda til dei utsette fuglane. Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet vil difor raskt bestille ei vurdering av miljømessig påverking og dyrevelferdsmessige aspekt ved utsetting av fasan og rapphøns frå Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM). Rapporten skal føreligge før neste sesong, slik at den utgjer eit viktig grunnlag for framtidige avgjersler om utsetting av fasan og rapphøns.