Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:2999 (2020-2021)
Innlevert: 26.09.2021
Sendt: 27.09.2021
Besvart: 05.10.2021 av kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden finne ei løysing slik at tidlegare løysing for Atløysambandet blir oppretthaldt?

Begrunnelse

Atløysambandet er eit viktig ferjeavløysingsprosjekt som FrP har jobba lenge med saman med Høgre i regjering. Tidleg i ordninga med ferjeavløysingsordningen oppstod det utfordring då ferjesambandet til Atløy og Bulandet vart rekna som eitt og ikkje to i systemet. Dette ordna dåverande kommunalminister Sanner med ein løysing slik at Atløy likevel fekk full uttelling. Dette har man tatt for gitt i vidare planlegging. Nå har Vestland fylkeskommune fått ein oversikt over mulige tilskott til ferjeavløysing der Atløy sitt tilskott er redusert truleg pga. endringane i inntektsystemet med ulike satsar på ulike samband. Sidan Atløy har vært løfta ut med ein egen løysing meiner eg departementet kunne oppretthaldt det nivået på tilskottet som var forespeila tidlegare. Dette er truleg avgjerande for om Atløysambandet kan realiseres eller ikkje.

Nikolai Astrup (H)

Svar

Nikolai Astrup: Når eit ferjesamband blir avløyst eller korta inn av bru eller undersjøisk tunnel får fylkeskommunen redusert rammetilskot knytt til ferjesambandet. Gjennom ferjeavløysingsordninga kan fylkeskommunen behalde dei innsparte ferjemidlane i rammetilskotet som ei delfinansiering av vegprosjektet. Ferjeavløysingsmidlar blir rekna ut ifrå utslag i ferjetilskot i rammetilskotet for fylkeskommunane slik inntektssystemet er på det tidspunktet utrekninga blir gjort. Overslaget som Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk i 2018, var basert på utslag i rammetilskotet i 2018. Overslaget som Vestland fylkeskommune har fått no, er basert på utslag i rammetilskotet i 2021. I brevet til Sogn og Fjordane i 2018 blei det presisert at dette var eit førebels overslag.
I rammetilskotet i 2018 blei Askvoll–Gjervik–Fure–Værlandet rekna som eitt ferjesamband. Tilskot i rammetilskotet knytt til dette ferjesambandet blei rekna ut som om alle avgangane trafikkerte den fulle rundturlengda frå Askvoll via Gjervik og Fure til Værlandet og attende. Den faktiske situasjonen er at dei fleste avgangane og hovuddelen av trafikken går på strekninga Askvoll–Gjervik, dvs. den delen av ferjesambandet som skal avløysast. Dette avviket mellom berekningstekniske føresetnader og faktisk situasjon gav eit høgare tilskot for dette ferjesambandet enn for liknande ferjesamband andre stadar i landet.
I 2020 blei det gjort fleire justeringar i utrekninga av ferjetilskot i rammetilskotet, for å sikre at ferjesambanda blir handsama likt og dermed gir ei meir rettferdig fordeling mellom fylkeskommunane. Mellom anna har ferjesambandet Askvoll–Gjervik–Fure–Værlandet blitt delt i to samband: Askvoll–Gjervik og Askvoll–Fure–Værlandet. Frå 2020 tek ein òg i større grad omsyn til talet på avgangar per ferjestrekning. Ferjetilskot i rammetilskotet – og dermed ferjeavløysingsmidlar til Atløysambandet – hadde òg blitt lågare om Askvoll–Gjervik–Fure–Værlandet framleis hadde blitt rekna som eitt ferjesamband.
Departementet sitt framlegg om justeringar blei sendt på høyring til fylkeskommunane, og Sogn og Fjordane hadde ikkje merknadar til justeringane.
Utrekning av ferjeavløysingmidlar for Atløysambandet er i tråd med retningslinene for ferjeavløysingsordninga. Ut ifrå eit viktig omsyn om mest mogleg lik handsaming av like saker, kan eg ikkje lage ei eiga løysing for Atløysambandet. Om ein skulle halde på overslaget frå 2018 ville det først bryte med prinsippet om at utrekninga skal ta utgangspunkt i inntektssystemet slik det er på det tidspunktet søknaden blir handsama. Dernest ville Vestland fått meir i ferjeavløysingsmidlar for Atløysambandet enn reduksjonen i rammetilskot, noko som ville måtte finansierast av dei andre fylkeskommunane.
I tråd med merknad frå kommunal- og forvaltningskomiteen, blei det gitt unntak for endelege søknadar som blei sendt til departementet i 2017, ved at ferjeavløysingsmidlar blei rekna ut basert på inntektssystemet for 2017. Dette unntaket gjeld ikkje Atløysambandet, som det enno ikkje er sendt endeleg søknad for.