Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:11 (2021-2022)
Innlevert: 11.10.2021
Sendt: 11.10.2021
Rette vedkommende: Arbeids- og sosialministeren
Besvart: 19.10.2021 av arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil Regjeringa legge til rette for at det blir lettare for bedrifter å rekruttere arbeidskraft frå land utanfor EØS-området ut frå dokumentert realkompetanse, på fagområde med mangel på kvalifisert arbeidskraft både i Noreg og i EØS-området elles?

Begrunnelse

Bedrifta Førde Møbeltapetsering i Førde i Sunnfjord er driven av Ali Alsbaih, i si tid flyktning frå Syria. Alsbaih dreiv eiga bedrift med møbeltapetsering i sitt heimland Syria, og etablerte si eiga verksemd i Førde då han kom dit som flyktning for nokre år sidan, der han reparerer og trekker om møblar.
Det fanst ikkje ei slik verksemd i Førde før Ali starta, og han har hatt ei sterk aukande oppdragsmengde. Ali har på toppen av alt skapt ei verksemd som regjeringa sjølv etterlyser i sin Sirkulærøkonomistrategi, der gjenbruk er løfta som eit viktig klima og ressurstiltak.
Ali har på grunn av sterkt aukande oppdragsmengde og interesse for å ta vare på gamle møblar, eit stort behov for meir arbeidskraft. Han har søkt etter dette både i Noreg og i heile EØS-området, men det viser seg at det ikkje er kvalifisert arbeidskraft å oppdrive. Han har gjort alt riktig i høve å kontakte kommune og NAV. NAV stadfestar skriftleg at det ikkje er mogeleg å finne arbeidskraft i EØS-området, og tilrår Ali å hente denne frå sitt heimland, der han på dagen kan rekruttere ein røynd person i møbeltapetsering som arbeidde i bedrifta Ali dreiv før krigen.
Ali kontakta så UDI, men her stogga det. UDI seier nei til det NAV anbefaler, med grunngjeving i at personen han skal rekruttere ikkje har fagbrev.
Det er ikkje beint fram å skaffe slike papir korkje i Syria eller Libanon i dag. Når det er eit faktum at personen han skal rekruttere har jobb frå dag 1, har realkompetanse, ikkje er til belastning for staten men betaler skatt frå første dag, og at staten ved NAV stadfester at det ikkje er tilsvarande realkompetanse i EØS å finne, så kan ikkje UDI gjere dette så komplisert at det handlar om å “Dokumentere fagbrev“.
Vi har ein situasjon i Noreg i dag og i tida framover der det blir knappheit på arbeidskraft. Vi må stelle oss slik at vi rekrutterer arbeidskraft der den er å finne – ikkje minst innanfor fag som er ein viktig del av den nye sirkulærøkonomien som regjeringa sjølv no seier at vi skal satse sterkt på.
Eg ber deg innstendig gjere nødvendige grep for at UDI her følgjer NAV som er arbeidsmyndigheit, og å syte for at Førde Møbeltapetsering og andre bedrifter i liknande situasjon med mangel på faglært arbeidskraft i EØS-området kan få den arbeidskrafta som trengst.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Arbeidsinnvandrarar tilfører det norske samfunnet viktig kompetanse og bidrar til å dekkje mangel på arbeidskraft i fleire sektorar. Noreg har gjennom mange år vore ein del av ein felles nordisk arbeidsmarknad, og med EØS-avtalen og EFTA-konvensjonen er Noreg også med i den felles europeiske arbeidsmarknaden. Arbeids- og velferdsetaten arbeider saman med andre europeiske arbeidsmarknadsstyresmakter for å hjelpe arbeidsgivarar som treng å rekruttere arbeidskraft frå utlandet. Behovet for arbeidskraft i Noreg skal hovudsakleg dekkjast gjennom arbeidskraftressursane i den norske befolkninga og arbeidsinnvandringa frå EØS.
Samstundes kan norsk næringsliv trenge spesialkompetanse i konkurransen mot internasjonale selskap. Regjeringa vil legge til rette for at arbeidsgivarar kan hente inn høgkvalifisert arbeidskraft frå land utanfor EØS (såkalla tredjeland), men må samtidig sjå på behovet for arbeidskraft mot omsynet til ei kontrollert innvandring. Rekruttering av arbeidskraft frå tredjeland skal heller ikkje fortrengje norske arbeidstakarar eller EØS-arbeidskraft. Dette er bakgrunnen for at det i hovudsak berre blir opna for arbeidsinnvandring av faglærde arbeidstakarar, utsende tenesteytarar og sesongarbeidarar. Det er inga generell opning for at arbeidsgivarar i Noreg kan tilsette ufaglærd arbeidskraft frå tredjeland.
For å kunne få opphaldsløyve som faglært arbeidstakar, må søkjaren ha ei fagutdanning som er relevant for stillinga i Noreg, jamfør utlendingsforskrifta § 6-1. Med fagutdanning meinast ei utdanning som minst svarar til ei treårig yrkesretta utdanning på nivå med norsk vidaregåande skule, eit fagbrev eller ei utdanning frå høgskule eller universitet. I tillegg kan arbeidstakarar med særskilde kvalifikasjonar få opphaldsløyve som faglært. Ein kan ha skaffa seg slike særskilde kvalifikasjonar gjennom realkompetanse eller ein kombinasjon av formell utdanning og realkompetanse.
På dei fleste fagområde må søkjaren ha mange år med arbeidserfaring for å skaffe seg kvalifikasjonar som gir kompetanse som svarer til ei formell utdanning. Søkjaren må også dokumentere grundig korleis han eller ho har skaffa seg kompetansen. For at søkjarar med realkompetanse skal kunne få opphaldsløyve som faglært, må den praktiske erfaringa og opplæringa som hovudregel ha vart i dobbelt så lang tid som den manglande formelle utdanninga ville ha vart. I dei tilfella der søkjaren ikkje har noko formell utdanning, må han eller ho som hovudregel ha minst seks år med praktisk erfaring og opplæring.
Det er Utlendingsdirektoratet (UDI) som handsamar søknader om opphaldsløyve og som gjer den konkrete og individuelle vurderinga av kompetansen til søkjaren, på bakgrunn av den dokumentasjonen som er lagt fram i den einskilde saka.