Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden endre kriteriene for Husbankens tilskuddsordninger slik at vi kan gi noen av våre mest sårbare grupper en bedre beskyttelse under forsvarlige og hyggeligere forhold?
Begrunnelse
Krisesenter Vest IKS arbeider med planar for nytt bygg. Krisesenteret dekker lovfesta krisesentertilbod for 16 kommunar. Dette interkommunale tilbodet held f.t. til i 2 bustader lokalisert til Stord og Haugesund. Felles for desse bygga er at det er eldre ordinære bustader som er omgjort til lokale for krisesenter. Lokala er absolutt ikkje tilpassa dagens krav, og har stort behov for fornying. Dette med grunnlag i dagens krav både til brukarar/tilbodet og tilsette. Pr. i dag er det slik at krisesenteret ikkje kan gje tilbod til alle brukargrupper som har rett til slikt tilbod innan dei krav som er fastsett for slike tilbod. Det hastar med å få etablert nytt bygg, og styret og representantskapet understøtter dette.
Kommunane kan i dag søkje vesentlege tilskot frå Husbanken til etablering av institusjonsplassar, omsorgsbustader og bustader til andre vanskelegstilte. Ein yt også vesentleg tilskot til dagtilbod for eldre med fleire. Målgruppe er her innbyggjarar som har trong for kommunale lovfesta tenester. Tilskotet er i mange høve avgjerande for at kommunane kan få effektuert tilbod til desse gruppene. Krisesentertilbodet er tilbod til kvinner, menn og barn. Menneske som er utsett for vald i nære relasjonar og som har behov for straks tiltak. Dette omfattar både dagtilbod og døgntilbod.
Krisesenteret har utstrekt samarbeid med kommunane, og representerer lovfesta kommunalt tilbod. Ut frå at det er relativt få personar dette gjeld frå dei einskilde kommunane, er det hensiktsmessig både fagleg og ressursmessig å samle dette i eit interkommunalt tilbod eit IKS.
Det er vanskeleg å forstå at eit slikt kommunalt lovfesta døgntilbod ikkje inngår i Husbanken sine tilskotsordningar. Dette ville vore eit avgjerande viktig bidrag til å kunne etablere bygg og fasilitering med høg kvalitet. Eit krisesenter bygg må ha tidsmessige kvalitetar for føremålet. Dette med omsyn til brukarvennleghet, sikkerheit, tilrettelegging for ulike målgruppe, fasilitetar innvendig/utvendig. Det er også viktig med areal godt tilrettelagt for personale m.o.t. fag, tryggleik og utvikling.