Frank Edvard Sve (FrP): Straumnett situasjonen er svært utfordrande i mange områder av landet, og dette gjelder ikkje minst i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylkeskommune har elektrifisert fleire av sine ferjesamband og fleire står for tur, der store og svært dyre straumkablar og trafoanlegg må på plass for å møte behovet for auka straumkapasitet.
Meiner statsråden det er rettferdig at pålagt nullutslippskrav for ferjeflåten vedteken av Stortinget, skal medføre auka nettleige generelt til folk flest og næringslivet i Møre og Romsdal?
Begrunnelse
Møre og Romsdal er eit av landets største eksport og næringsfylke, og har eit stort og solid næringsliv. Derimot opplever vi i heile fylket til stadig situasjonar der straumnette er utfordrande for vidar utvikling av kraftkrevjande industri og næringsaktivitet. Møre og Romsdal fylke har skifta ut store delar av sin ferjeflåte med el ferjer, der framføring av svært dyre straumkablar har blitt gjennomført og skal gjennomførast framover. Det blir hevda at kostnadane med dette blir lempa over på innbyggjarane og næringslivet generelt gjennom auka nettleige.
Samtidig opplever vi at straum og nettkapasiteten er utfordrande i mange områder, men elektrifisering av både det ein og det andre blir pressa igjennom, utan at nødvendig straum og nettkapasitet er tilgjengeleg.