Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til statsministeren

Dokument nr. 15:176 (2021-2022)
Innlevert: 28.10.2021
Sendt: 29.10.2021
Rette vedkommende: Barne- og familieministeren
Besvart: 08.11.2021 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Kan statsministeren være mer konkret på hvordan han og regjeringen vil bekjempe overgrep mot barn som for eksempel barneekteskap nasjonalt og internasjonalt?

Begrunnelse

Søndag 24. oktober ble tv-aksjon arrangert. Temaet i år var Barn, ikke brud.
Hvert tredje sekund blir en jente giftet bort. Under og etter coronasituasjonen har det vært flere artikler om økninger i antall barnebruder og bekymringene rundt dette er mange. Målet med årets innsamling var å gi jenter mulighet til å beholde barndommen, drømmene og friheten. Statsministeren deltok selv på tv-sendingen og meddelte at regjeringen ville gi økonomist støtte, det er bra.
Imidlertid er det vanskelig å få fatt i hva statsministeren mener at man konkret skal gjøre for å få bukt med denne ukulturen som ikke kan anses som noe annet enn overgrep mot barn.
Spørsmålsstiller har selv vært sterkt engasjert i tematikken bla som saksordfører for flere saker som angår temaet i stortinget. Riktignok er det blitt forbedringer og strengere regler for dette i Norge, men Frp sto alene om å ikke akseptere noen unntak fra forbudet mot barneekteskap. Ettersom vi vet at dette er et stort internasjonalt problem men også at ukulturen finnes i Norge må det handling til og ikke bare prat.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Spørsmålet er sendt vidare til meg som barne- og familieminister.
Alle barn i Noreg har særskilde rettar etter Grunnlova, barnekonvensjonen og Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Vald i nære relasjonar og vald og seksuelle overgrep mot barn er eit alvorleg brot på barnerettane. Det er òg eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Det var eit viktig søkelys som vert sett på barneekteskap i samband med årets TV-aksjon. Internasjonalt er utbreiinga av barneekteskap eit alvorleg problem. Retten til å bestemme over eigen kropp og eige liv er ein grunnleggande menneskerett. Barneekteskap rammar jenter hardast. Det svekkjer jenter og kvinners helse, kan fratå dei moglegheita til utdanning, og gjera det vanskeleg å delta i samfunns- og arbeidslivet. Til dømes er komplikasjonar knytt til graviditet og fødsel ifølgje WHO den viktigaste dødsårsaka blant jenter i alderen 15 til 19 år.
Regjeringa vil støtte opp om internasjonale tiltak for å bekjempe kjønnsbasert vald og vidareføre den viktige innsatsen mot barneekteskap, samt oppretthalde forpliktinga om å investere 760 millioner kroner i arbeidet mot skadelege skikkar. Arbeidet internasjonalt vil vere ein viktig del av satsinga vår for å betre situasjonen for jenter og kvinner. Regjeringspartia har i Hurdalsplattforma sagt at vi vil leggje fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep er alvorleg kriminalitet som òg må prioriterast høgare i heile straffesakskjeda.
I Hurdalsplattforma er det slått fast at regjeringa vil fremme forslag om endringar i straffelova § 282 (familievald) og § 283 (grov familievald) slik at disse er betre tilpassa særtrekk ved saker om æresvald, og sikrar at det totale kontrollregimet offeret har vore utsatt for, vert tillagt vekt i vurderinga av spørsmålet om straff. Vidare vil regjeringa vurdere om tvangsektskap og kontroll av ære på tvers av landegrenser skal kunne bli sett på som organisert kriminalitet og/eller menneskehandel under gitte tilhøve.
Regjeringa Solberg oppnemnte lovutvalet om negativ sosial kontroll. Dei skal greie ut dei samla juridiske problemstillingane i saker som gjeld negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og psykisk vald. Professor Henriette Sinding Aasen leiar utvalet, som skal starte arbeidet i januar og levere si utredning innan 30. juni 2023.
Stortinget vedtok før sommaren ein viktig endring i ekteskapslova om at ekteskap som er inngått mellom partar under 18 år, som hovudregel ikkje anerkjennast sjølv om partane var utan tilknytning til Noreg på vigselstidspunktet. Føremålet med lovendringa er å verne mindreårige som kjem til Noreg, mot å bli rekna som gifte her. Dette vil òg gi eit signal til andre styresmakter om at Noreg ikkje aksepterer barneekteskap. Som representanten er inne på, gjeld det nokre snevre unntak frå 18-årsregelen. Desse er innført av omsyn til våre menneskerettslege og EØS-rettslege plikter.
Mitt departement vil greie ut om ein skal lovfesta at begge partar må ha vore minst 16 år gamle då ekteskapet blei inngått, for at eit ekteskap skal kunne bli godkjent etter dei snevre unntaka frå 18-årsregelen. Departementet ønskjer òg å greie ut innstrammingar i reglane om godkjenning av bigame ekteskap som er inngåtte i utlandet. Dette er omtalt i Prop. 135 L (2020-2021) punkt 2.4 og i Prop. 1 S (2021-2022).