Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:203 (2021-2022)
Innlevert: 29.10.2021
Sendt: 01.11.2021
Besvart: 08.11.2021 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Regjeringa Solberg sette i oktober 2020 ned eit ekspertutval for å vurdere om det finst ny informasjon om kva løysing som er best for ubåtvraket U-864 utanfor Fedje i Hordaland. Fristen frå utvalet for å levere endeleg rapport er 1. november 2021.
Kan eg be om ein status for prosjektet, og eg ønsker òg ei forsikring frå statsråden om at departementet jobbar saman med ekspertgruppa for å få fram eit godt grunnlag for å ta ei avgjerd på det vidare arbeid?

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Ekspertutvalet som skal vurdere og gi regjeringa råd om den vidare handteringa av ubåtvraket U-864 bad i oktober om utsett frist for å levere endeleg rapport. Årsaka er at utvalet ser det som naudsynt å gjennomføre ytterlegare undersøkingar av vraket og havbotnen for å kunne gje gode råd om den vidare handteringa av vraket og kvikksølvforureininga. Utvalet har fått innvilga førespurnaden om utsetjing, og ny frist er 1. juli 2022.
Utvalet arbeider uavhengig av departementet, og eg vil følgje opp saka vidare så snart utvalet har sendt tilrådinga si.