Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:207 (2021-2022)
Innlevert: 30.10.2021
Sendt: 01.11.2021
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 08.11.2021 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil regjeringa sørge for at ferje- og hurtigbåtavhengige småsamfunn langs kysten blir likebehandla i den varsla prisreduksjonen i Hurdalsplattforma?

Begrunnelse

Regjeringa skriv i Hurdalsplattformen at ein vil «Innføre en ordning med gratis ferge for øyer og andre samfunn uten veiforbindelse til fastlandet og gjøre alle fergesamband med under 100 000 passasjerer årlig gratis.» og «Halvere prisene på riksvei- og fylkesveiferger i løpet av fireårsperioden».
I ei rekke øysamfunn langs kysten, mellom anna i Nordland, er det pr i dag hurtigbåt og ikkje ferje som er livsnerven til fastlandet og storsamfunnet. All arbeids- og skulependling og det meste av varetransporten skjer med hurtigbåt, på same måte som det skjer med ferje til/frå andre øysamfunn.
Mange av desse hurtigbåt-avhengige øysamfunna er livskraftige samfunn med eit blømande næringsliv og stor aktivitet, med akkurat same utfordringar som ferjeavhengige øysamfunn har med høge reiseutgifter. Ofte er prisane for å bruke hurtigbåt til og med høgare enn tilsvarande ferjekostnader i elles samanliknbare kystsamfunn.
Tiltak som utelukkande kuttar ferjeutgiftene utan samtidig å omfatte hurtigbåt, vil gi ei meiningslaus forskjellsbehandling som med rette vil bli opplevd som svært urettferdig for dei hurtigbåt-avhengige øysamfunna. Ikkje berre ved å bidra til relativt svekka rammevilkår for næringslivet i desse øysamfunna, men også ved å gjere dei mindre attraktive for potensielle tilflyttarar. Det er ingen grunn til å tru at folk og bedrifter som held til i hurtigbåt-avhengige lokalsamfunn er mindre vanlege eller har mindre avstandsutfordringar enn dei som er avhengige av ferje. Dei er alle del av det Noreg vi er så glade i.
Eg ber difor om ei avklaring på at Regjeringa vil likebehandle ferje- og hurtigbåtavhengige lokalsamfunn i dei prisreduksjonane som er varsla i Hurdalsplattformen. Sidan tiltaket omfattar både riksveg- og fylkesvegsamband, som sorterer under to ulike departement, går spørsmålet til Finansministeren.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til at spørsmålet vart oversendt meg frå finansministeren då Samferdselsdepartementet er sektorstyresmakt for veg og kollektivtransport, òg det som fylkeskommunane har ansvar for.
Per i dag er intensjonen å gjere det rimelegare å reise med ferjer, jamfør sitat frå Hurdalsplattformen i grunngjevinga til ditt spørsmål. Det er ikkje planar no om å senke prisane på hurtigbåtar tilsvarande.