Alfred Jens Bjørlo (V): Korleis vurderer Regjeringa dei kystnære områda Frøyagrunnane/ Olderveggen utanfor Bremanger kommune i samband med pågåande prosessar for opning av område for framtidig utbygging av vindkraft til havs?
Begrunnelse
NVE vurderte i "Havvindrapporten" frå 2103 Frøyagrunnane utanfor Bremanger som skilde seg ut som særleg aktuelle for framtidig utbygging av vindkraft til havs. I ei oppdatert vurdering i 2018, var NVE si vurdering at Frøyagrunnane har blitt mindre aktuelt som utbyggingsområde for vindkraft, pga. teknologiutvikling som går i retning flytande framfor botnfast vindkraft, i tillegg til at området er relativt lite og mindre fleksibelt for tilpassing til "sambruk" med andre interesser. Området blir likevel peika på som eit mulig framtidig utbyggingsområde, i ein seinare runde.
Frøyagrunnane og Olderveggen utanfor Bremanger i Vestland fylke er særskilt rike og viktige fiskeriområde, og planane om mulig utbygging av desse områda har vekt stor uro i fiskerinæringa i regionen. Det er difor ønskjeleg å få klarlagt om regjeringa i det heile tatt ser det som aktuell politikk å opne desse områda for framtidig vindkraftutbygging til havs - eller ein vil konsentrere seg om å utvikle offshore vindkraft i større område lenger til havs der det er lettare å finne gode sambruksløysingar med fiskeriinteressene.