Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden utrede at det settes tak på eigedomskatten og når ser statsråden for seg at denne utredningen er gjort?
Begrunnelse
I kommuneproposisjonen for 2022 fremma FrP forslag som vart vedtatt om at det skal utredast å sette eit tak på eigedomsskatten. Dette er eit viktig forslag for å hindre at skatten blir urimeleg høg for enkeltpersonar. Bukostnadane blir høgare og høgare med strømprisar som er rekordhøge, renta på veg opp og eit stort etterslep på vatn og avlaupsnett som nokon element som alt trekker i retning av dyrare buutgifter for vanlege folk. Eigedomsskatten på toppen av dette er hard for mange spesielt sidan den skatten ikkje ser på skatteevne og mange har kanskje eigedom dei har arva som har høg eigedomsskatt. Eit slikt tak som Stortinget har bedt om skal utredast er derfor viktig for mange som nå er usikre på framtida.