Skriftlig spørsmål fra Dagfinn Henrik Olsen (FrP) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:583 (2021-2022)
Innlevert: 03.12.2021
Sendt: 06.12.2021
Besvart: 13.12.2021 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Dagfinn Henrik Olsen (FrP)

Spørsmål

Dagfinn Henrik Olsen (FrP): Kan statsråden opplyse hvilken endring av lovverk eller forskrift (spesielt vergemålsloven) som har medført at NAV har endret betingelser for utbetaling av grunn- og hjelpestønad, slik at stønaden kan utbetales til en konto som disponeres av bare den ene foreldre og samtidig opplyse den faglige begrunnelse, som har medført denne endringen, og om denne endringen har vært drøftet politisk eller om den bare er truffet administrativt, og har departementet vurdert om disse endringen vil øke foreldrekonflikten?

Begrunnelse

Frem til 17 november 2020 var formuleringen følgende:
Utbetaling av grunn- og hjelpestønad (Tilføyd 05/07).
I henhold til folketrygdloven § 22-1 og tidligere praksis har utbetaling av grunn- og hjelpestønad til barn skjedd til den konto som var oppgitt av verge. For at utbetalingsrutinene skal være i overenstemmelse med vergemålsloven, skal grunn- og hjelpestønad utbetales til en konto i barnets navn. Kontoen skal disponeres av vergene i felleskap etter finanslovens § 25. Avtaler om disponering av kontoen anses å være utenfor NAVs ansvarsområde. Endringer trer i kraft og gjelder nye saker.
I løpende saker må NAV, dersom en av foreldrene ber om det, sørge for at ytelser blir utbetalt til en konto i barnets navn. Det er opp til foreldrene å komme til enighet om disponering av midlene.
Etter 17. november 2020 ble NAV sitt rundskriv R22-00 til folketrygdlovens § 22-1 endret slik at utbetaling av grunn- og hjelpestønad nå kan gjøres til bare den ene av forelderens konto. I rundskrivet står det etter 17. november 2020 følgende om utbetaling av grunn- og hjelpestønad:
Utbetaling av grunn- og hjelpestønad (Tilføyd 05/07. Endret 11/20).
Grunn- og hjelpestønad til barn skal utbetales til den kontoen som foreldrene, eventuelt oppnevnt verge, bestemmer. Kontoen kan opprettes i en av foreldrenes navn, verge eller i barnets navn.
Denne endringen har nå medført at vergene ikke disponerer midlene i fellesskap slik vergemålsloven tilsier, men at den ene forelder kan ta seg til rette. Dette vil i praksis være bostedsforelder.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Det går fram av representanten si grunngjeving av spørsmålet at han viser til omtalen i Arbeids- og velferdsetaten sine retningslinjer (rundskriv) til folketrygdlova § 22-1, som vart endra frå november 2020. Etter folketrygdlova § 22-1 skal ytingar etter lova betalast ut til han eller ho som har rett til ytinga. Det går fram av rundskrivet til paragrafen at grunn- og hjelpestønad til barn skal utbetalast til den kontoen som foreldra, ev. oppnemnt verje, fastset. Konto kan opprettast i ein av foreldra/verja sine namn eller i barnet sitt namn.
Personar under 18 år kan ikkje sjølv foreta rettslege handlingar eller råde over sine middel, med mindre noko anna er særleg fastsett, jf. verjemålslova § 9, jf. § 8. Det følgjer av same lova § 16 at verje for ein mindreårig er han eller ho som har foreldreansvar for den mindreårige etter reglane i barnelov, og som er myndig.
Eg har vore i kontakt med Arbeids- og velferdsdirektoratet om bakgrunnen for endringa i rundskrivet. Det var tidlegare lagt til grunn som eit ufråvikeleg krav at ytinga måtte utbetalast til ein konto som sto i barnet sitt namn. Direktoratet har opplyst meg om det ikkje har vore nokon endring i lov eller forskrift som ligg til grunn for oppdateringa av rundskrivet, men ei konkret sak. I ei sak i juli 2019 ville banken ikkje ville opprette ein konto i barnet sitt namn på grunn av barnet sin alder.
Problemstillinga vart difor nærare vurdert av Arbeids- og velferdsetaten. Det vart lagt til grunn at Arbeids- og velferdsetaten må halde seg til reglene for utbetaling i folketrygdlova, og ikkje kunne krevje at verja bytta bank for at ytinga skulle kunne betalast ut. Det vart vidare lagt til grunn at etaten ikkje hadde heimel til å nekte utbetaling til ein konto som blir oppgitt av verja, med mindre det er grunn til å tvile på om ytinga vil bli nytta i tråd med formålet. I tråd med denne vurderinga, vart det i rundskrivet opna opp for at utbetalinga kan skje også til kontoen til verja (ikkje berre til barnet). Problemstillinga har ikkje vore løfta til departementet.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har videre opplyst meg om at etaten legg til grunn at ytinga blir nytta i tråd med formålet. Dersom der er konfliktar eller usemje mellom verjene knytt til utbetalinga, må dette handterast konkret. Det kan i så fall vere aktuelt å sjå hen til kor barnet bur og til kven andre ytingar blir utbetalt. Om det til dømes berre er ein av foreldra som mottek barnetrygd for barnet, vil dette gje ein indikasjon på kven som er den rette person å utbetale pengane til. Dersom foreldra/verjene ikkje er einige, ligg det utanfor etatens ansvarsområde å løyse konflikten. Skulle det vere sannsynleg at barnet si yting ikkje blir nytta til å betale dei utgiftene ytinga er meint å dekkje, kan dette ev. vere ei sak for verjemålsmyndigheitene eller barnevernet.