Alfred Jens Bjørlo (V): I prop. 1 LS (21-22) Skatter, avgifter og toll er det foreslått ei endring i praksis for verdsetjing av oppdrettskonsesjonar, med ein hovudregel om at alle oppdrettskonsesjonar (også konsesjonar erverva før 1998) skal verdsetjast til omsetjingsverdi, og dermed inngå i grunnlaget for formueskatt. For eit oppdrettselskap med 1 konsesjon erverva før 1998 og anslagsvis 50 mill. NOK i øvrige verdiar i selskapet:
Kor stor skilnad vil det vere i berekna skatt i 2022 mellom skatteopplegget foreslått av Regjeringa Solberg i prop. 1 LS?
Begrunnelse
I budsjettavtalen til regjeringa med SV er det foreslått endringar i både verdsettingsrabatt for aksjar og driftsmiddel, endra satsar i formuesskatten, og auka utbytteskatt. Endringane i skattesatsar gjer at endringa av verdsettingen av opprettskonsesjonar får ein langt høgare skattemessig konsekvens for opprettselskaper enn Solberg-regjeringa foreslo i budsjettforslaget sitt.