Sveinung Rotevatn (V): Kvifor har regjeringa foreslått å redusere skattefordelane ved individuell pensjonssparing når vi veit kor viktig dette er for å sikre den økonomiske tryggleiken til mange grupper, incentivere langsiktig sparing og gjere pensjonssystemet meir robust?
Begrunnelse
Ein viktig premiss for reforma av folketrygda og endringane i tenestepensjon, var at ein skulle ha ein tredje pilar: Ei individuell pensjonsspareordning.
Dei siste åra har vi sett ein auke i tal personar som tar ansvar for eigen pensjon. Ved årsskiftet var det om lag 160 000 nordmenn som sparte i Individuell pensjonssparing –IPS, kvinner utgjer nesten 50 % av dei som sparer til pensjon gjennom IPS. IPS er viktig fordi det er sparing bunde til pensjon. NAV har i mange år peika på behovet for å spare til eigen pensjon og vi veit at dette blir viktig i åra som kjem. Riktige incentiv og gode løysingar er difor viktig for å sikre motivasjonen til auka pensjonssparing òg blant dei unge.