Skriftlig spørsmål fra Mímir Kristjánsson (R) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:631 (2021-2022)
Innlevert: 09.12.2021
Sendt: 10.12.2021
Besvart: 17.12.2021 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Mímir Kristjánsson (R)

Spørsmål

Mímir Kristjánsson (R): Har statsråden oversikt over hvilke tiltak som fungerer best for å få langtidsledige i jobb, kan statsråden forsikre om at de mest vellykkede tiltakene blir retta mot de langtidsledige, og kan jeg be om en oversikt over hvilke tiltak man har og i hvilken grad disse fører til at ledige kommer tilbake i jobb?

Begrunnelse

Den 08.12 ble kriseordningene for permitterte og arbeidsledige og selvstendig næringsdrivende og frilansere forlenget i fire uker, til ut januar 2022, blant annet forlenget rett til dagpenger for ledige. Flere titallstusen personer ligger an til å falle helt ut av dagpengeordningen neste halvår, fordi de har gått ut sin maksimale periode på dagpenger. Anslagene er hentet fra svar til Stortinget på budsjettspørsmål 298 og 420 fra Rødts fraksjon i finanskomiteen. Når den maksimale dagpengeperioden ikke lenger blir forlenget kan mange tusen miste dagpengene, da må de tømme sparekontoen og selge det de har før de kan søke sosialhjelp.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Eg er, som representanten Kristjánsson, oppteken av situasjonen til arbeidssøkarar og permitterte som snart kan miste rettane til dagpengar.
Det er i samband med tillegg 1 til Prop. 1 S (2021–2022) lagt fram eit forslag om midlar til ei jobbpakke som skal leggje til rette for at fleire av dei som står utanfor arbeidsmarknaden får hjelp til å kome i arbeid. Dette vil mellom anna gi rom for om lag 1 000 fleire tiltaksplassar, samanlikna med forslaget til Solberg-regjeringa. Det er òg forslag om ei varig auke på 175 millionar kroner til Arbeids- og velferdsetaten som vil gi rom for tettare oppfølging av personar som står utanfor arbeidslivet.
Langtidsarbeidssøkarar er prioritert ved tildeling av arbeidsmarknadstiltak. Statistikk frå Nav første tertial 2021 syner at arbeidssøkarar som har vore registrerte hos Nav i meir enn to år har høgare deltaking på arbeidsmarknadstiltak enn arbeidssøkarar elles. Langtidsarbeidssøkarar skal i tillegg få forsterka oppfølging frå Nav. Fleire stader har Nav oppretta eigne innsatsteam for å følgje opp permitterte og langtidsarbeidssøkarar.
I samband med Prop. 79 S (2020–2021) blei løyvinga til forsterka oppfølging frå Nav lokalt styrka med 50 millionar kroner for å følgje opp langtidsarbeidssøkarar og permitterte med kort tid igjen av dagpengeperioden. Innsatsen er ført vidare i 2022.
Nav har eit breitt utval av arbeidsmarknadstiltak som kan medverke til at langtidsarbeidssøkarar får styrka sine sjansar til å kome tilbake i arbeid. Aktuelle tiltak kan vere oppfølging, arbeidspraksis, lønstilskot, opplæring og avklaringstiltak.
Studiar syner at effekten av arbeidsmarknadstiltak varierer mellom ulike tiltak og grupper av arbeidssøkarar. Lønstilskot er til dømes eit arbeidsmarknadstiltak som syner gode resultat for alle målgrupper. Oppfølgingstiltak med støtte på arbeidsplassen har og stort sett godt dokumentert effekt på overgang til arbeid. Opplæring er mest verknadsfullt på lengre sikt.
Kva som er best i kvart enkelt tilfelle må bli avgjort ut frå ei vurdering av arbeidssøkarane sine føresetnader i arbeidslivet. Tal frå Nav syner at oppfølging er det tiltaket som er mest nytta av langtidsarbeidssøkarar, deretter kjem opplæringstiltak/AMO, lønstilskot og arbeidspraksis.
Det er no retta særleg merksemd frå Nav si side på å sikre at arbeidssøkarar og permitterte får avklaring og rettleiing om korleis ein kan søkje arbeid, og korleis ein kan løyse økonomiske spørsmål før retten til dagpengar er brukt opp. Nokre langtidsarbeidssøkarar har erfaring og kompetanse som ikkje lenger er like etterspurt i arbeidsmarknaden. I deira tilfelle blir det lagt til rette for omskolering gjennom tilbod om kortare kurs og opplæringstiltak.
Som representanten viser til i si grunngjeving så har regjeringa allereie gjort ei rekke grep for å betre situasjonen til langtidsarbeidssøkarar, og eg kan forsikre om at me følgjer utviklinga nøye for denne utsette gruppa.