Skriftlig spørsmål fra Mímir Kristjánsson (R) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:632 (2021-2022)
Innlevert: 09.12.2021
Sendt: 10.12.2021
Besvart: 20.12.2021 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Mímir Kristjánsson (R)

Spørsmål

Mímir Kristjánsson (R): Kan statsråden garantere at kriseordningene for permitterte og arbeidsledige og ordningen for selvstendig næringsdrivende og frilansere som mister inntekt på grunn av koronautbruddet, blir forlenget så lenge pandemien varer?

Begrunnelse

Statsminister Støres hovedbudskap til Stortinget under koronaredegjørelsen var at pandemien ikke er over. Det er innført tiltak og restriksjoner som går særlig hardt utover reiselivsnæringa, hoteller og restauranter, men også tilhørende bransjer. Flere aktører har vært ute i media og varslet at det kan bli nødvendig å permittere ansatte igjen. Krisetiltakene for permitterte, arbeidsledige og selvstendig næringsdrivende og frilansere har blitt forlenget i fire uker, til ut januar 2022. I Hurdalsplafformen står det at:

«Krisetiltakene i forbindelse med koronapandemien skal vare like lenge som krisen, og videreføres eller fases ut i dialog med partene i arbeidslivet».

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Regjeringa har varsla at krisetiltaka i samanheng med koronapandemien skal halde fram like lengje som krisa varar. Dei blir vidareførde eller fasa ut i dialog med partane i arbeidslivet, jf. Hurdalsplattformen. I tråd med strengare og meir langvarige smitteverntiltak har difor regjeringa forsterka og forlengja tiltak som gir folk og bedrifter økonomisk tryggleik no framover. Mellom anna har me føreslått at retten til dagpengar vert forlengja ut februar for både arbeidslause og permitterte, uavhengig av kor lenge dei har motteke ytinga. Det same gjeld for kompensasjonsordninga for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar. I tillegg er nokre tiltak gjeninnførte, som redusert inntektskrav for å få dagpengar.
Det er samtundes behov for å sjå dei økonomiske koronaordningane i samanheng. Behova på mitt område vil avhenge av kva tiltak som vert iverksett på områda til andre statsrådar. Det gjeld mellom anna lønnsstøtteordninga som nylig vart lagt fram.
Uvissa om utviklinga framover er stor. Situasjonen vil vere krevjande for mange den nærmaste tida. Regjeringa følgjer utviklinga tett og vurderer kontinuerleg behovet for ytterlegare forlengingar og målretta tiltak.