Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:675 (2021-2022)
Innlevert: 14.12.2021
Sendt: 14.12.2021
Besvart: 20.12.2021 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan statsråden gi ei fylkesvis oversyn over vegar som er opna for modulvogntog etter 21. desember 2020 (Vil gjerne ha både vegstrekning og tal kilometer per fylke)?

Begrunnelse

Frå 21. desember 2020 opna Statens vegvesen for at modulvogntog i utgangspunktet kan køyre på vegar som er tillatne for 24 meter lange tømmervogntog. Dei fleste riksvegstrekningane som er tillatne for 24 meter tømmervogntog vart opna for modulvogntog.
No står det att å få opna opp fleire viktige kommunale- og fylkeskommunale vegstrekningar slik at modulvogntog og 24-meters vogntog kan køyre heilt fram til viktige industri- og terminalområde. Det er fylkeskommunane og kommunane som skal avgjere kva fylkesvegar og kommunale veg som blir opna for modulvogntog. Innlandet fylkeskommune har gått føre som eit godt døme, og opna fleire strekningar for modulvogntog, andre fylke heng etter.
Auka bruk av modulvogntog vil effektivisere vegtransporten og auke konkurranseevna. Det vil òg bidra til færre vogntog på vegane ved at ein kan frakte større lass over lengre strekningar per transport, noko som både vil gi auka miljøgevinst og betre trafikktryggleik på norske vegar.