Skriftlig spørsmål fra Mímir Kristjánsson (R) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:706 (2021-2022)
Innlevert: 16.12.2021
Sendt: 17.12.2021
Besvart: 04.01.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Mímir Kristjánsson (R)

Spørsmål

Mímir Kristjánsson (R): Hva er varigheten på kontraktene om rammeavtaleplasser som inngås med private barnevernsaktører, vil statsråden sørge for at kontrakter med kommersielle selskaper blir inngått med kortere avtaletid, og vil offentlige og ideelle institusjoner/tilbud bli bygget opp slik at de så raskt som mulig kan overta disse plassene?

Begrunnelse

I Hurdalsplattformen slår regjeringa fast at de skal stoppe utviklinga mot kommersialisering og oppstykking i barnevernssektoren, samt avslutte bruken av konkurranseutsetting og anbud i barnevernssektoren og sikre ideelle virksomheter langsiktige avtaler med det offentlige.
Spørsmålsstiller har tidligere stilt spørsmål til statsråden om regjeringen vil si opp eksisterende kontrakter med kommersielle barnevernsselskaper (Dokument nr. 15:534 (2021-2022)). I svaret skriver statsråden følgende:

«Dagens avtalesett innanfor institusjonstilbodet vil utløpe til våren, utan moglegheit for forlenging. Dette gir høve til å starte på ei omlegging med dreiing bort frå kommersielle tilbydarar og over til meir offentleg og ideell drift. Gitt dei faglege og økonomiske rammene som gjeld, er målet ei sterkast mogleg omdreiing i denne retninga. Bufdir vil samstundes ha behov for å inngå nokon nye avtalar, sidan det på kort sikt ikkje er realistisk å sjå for seg ein situasjon heilt utan private tilbydarar også etter våren 2022.»

Spørsmålsstiller registrerer med det at regjeringen ikke kan utelukke at nye avtaler tegnes med kommersielle aktører. De profittsøkende aktørenes mål om å tjene penger står i konstant konflikt med mål om hva som er til det beste for de mest sårbare barna i samfunnet vårt. Det haster med en utfasing av kommersielt eierskap.
På skriftlig spørsmål fra Bjørnar Moxnes til daværende barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (Dokument nr. 15:2368 (2020-2021)) vedrørende rammeavtalene, framkommer det at:

«Avtalelengden på disse kontraktene er ulik, og kontraktene kan termineres dersom det er nødvendig».

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Regjeringa har som mål å stoppe utviklinga mot kommersialisering og oppstykking av barnevernssektoren og gradvis fase ut store kommersielle aktørar innanfor barnevernet. Med statsbudsjettet for 2022 har regjeringspartia i budsjettavtalen med SV prioritert 150 millioner kroner til å styrkje institusjonstilbodet neste år. Dette skal bidra til å styrkje det statlege tilbodet, slik representanten etterspør, og vil leggje til rette for meir bruk av ideelle aktørar og redusert behov for kjøp frå kommersielle. Med forslaget i tilleggsnummeret viser regjeringa eit tydeleg retningsval for institusjonsbarnevernet, og bevillinga inneber at omlegginga kan starte i 2022.
Bufdir er no i formell dialog med ideelle aktørar som allereie har eit etablert tenestetilbod på institusjonsområdet, med mål om å etablere nye, langsiktige og løpande avtalar om institusjonstenester når dagens avtalar i all hovudsak vert avslutta til våren. Det blir lagt opp til at desse avtalane vil vere tidsubestemte, med gjensidig høve til oppseiing. Bufdir er og i gong med formell dialog med ideelle aktørar om oppbygging og etablering av ny kapasitet.
Bufdir vil i etterkant av desse avklaringanemed ideelle aktørar gå i formell dialog med kommersielle aktørar om eventuelle behov for tenester også frå desse. Desse kontraktane vil handle om eit behov for tenester i påvente av ei nødvendig oppbygging av ny kapasitet både i statlege institusjonar og hos ideelle leverandørar.
Forhandlingane med kommersielle aktørar om desse avtalene er ikkje starta og det er ikkje tatt endeleg stilling til kor lang avtaletida blir. Men eg vil presisere at målet med satsinga i statsbudsjettet for 2022 er å raskast mogleg starte ei omlegging med dreiing bort frå kommersielle tilbydarar og over til offentlig og ideell drift.