Skriftlig spørsmål fra Tobias Drevland Lund (R) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:725 (2021-2022)
Innlevert: 17.12.2021
Sendt: 20.12.2021
Besvart på vegne av: Arbeids- og inkluderingsministeren
Besvart: 03.01.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Tobias Drevland Lund (R)

Spørsmål

Tobias Drevland Lund (R): Hvor mange av dem som er mottakere av økonomisk sosialhjelp får oppvarmings- og strømutgifter dekket av NAV?

Begrunnelse

De siste månedene har det vært stort fokus på bostøtteordninga i forbindelse med de skyhøye strømprisene. Regjeringa har ved flere anledninger kommet med ekstraordinær utbetaling av bostøtte i forbindelse med strømkrisa. Mange av dem som er mottakere av bostøtte, har fått den ekstra utbetalingen av bostøtte til fratrekk for andre ytelser. På NRK 15. desember kan man lese om en som har 8 kroner for mye i inntekt til å kvalifisere til bostøtte, selv om vedkommende er ha inntekt kun fra uføretrygd. Rødt har foreslått at de ekstra utbetalingene av bostøtte ikke skal komme til fratrekk for andre ytelser. Da har vi blitt møtt fra regjeringspartiene med argumenter om at mange av dem som går på former for økonomisk sosialhjelp allerede får strømregningen dekket av NAV. Derfor vil det være interessant å spørre statsråden om hun har tilgang på en oversikt over hvor mange av dem som er mottakere av økonomisk sosialhjelp som får sine oppvarmings- og strømutgifter dekket av NAV.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Det følgjer av sosialtenestelova § 18 at personar som ikkje kan sørgje for livsopphaldet sitt gjennom arbeid eller ved å gjere gjeldande økonomiske rettar, har krav på økonomisk stønad. Hjelp til forsvarleg livsopphald blir gitt etter ei individuell behovsprøving av kommunen. Kva som er eit forsvarleg livsopphald vil variere ut frå personlege forhold, som familiesituasjon, husstanden sin storleik, busituasjon, alder og helse. Nokre utgifter vil vere nødvendige for å sikre ein person eit forsvarleg livsopphald i samsvar med formålet i sosialtenestelova § 1. Dette er utgifter som ligg i kjerneområdet av livsopphaldsbegrepet, og som NAV-kontoret alltid har plikt til å ta med i vurderinga av stønadsbehov og ved utmålinga av stønad. Løpande utgifter til straum og oppvarming utgjer ei slik utgift. Utgifter til straum omfattar både betaling for nettleige og for straumforbruket.
NAV-kontoret utfører ikkje sjølve betalinga av ein søkjar si straumrekning. Utgifter til straum kan inngå i det samla beløp som mottakaren får utbetalt frå NAV til dekning av livsopphaldet sitt. Søkjar må i slike tilfelle sjølv sørgje for å betale straumrekninga med ein del av dette beløpet. Det kan også vere tilfelle der utgiftane til ei straumrekning er den einaste utgifta NAV-kontoret legg til grunn ved utmålinga av økonomisk sosialhjelp. Kommunen kan etter sosialtenestelova § 19, sjølv om vilkåra i § 18 ikkje er oppfylt, yte økonomisk hjelp til dei som treng det for å kunne overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon. Føresegna opnar mellom anna for at det kan vere aktuelt å yte stønad, sjølv om kravet om at alle inntektsalternativ skal vere forsøkt ikkje er oppfylte, dersom situasjonen og hjelpebehovet er slik at det vil vere ei stor belastning å krevje dette. Søknad om hjelp til å betale ei unormalt høg straumrekning kan vere eit eksempel på ein situasjon der stønad kan hjelpe til at vedkomande kan ”overvinne ein vanskeleg livssituasjon”.
Det foreligger ikkje statistikk som gir ei oversikt over kor mange utbetalingar av økonomisk sosialhjelp i kommunane det er som tek med utgifter til straum i utmålinga. Som følgje av at utgifter til straum ligg i kjerneområdet av livsopphaldsbegrepet, er det likevel rimeleg å leggje til grunn at dette vil gjelde mange mottakarar av økonomisk sosialhjelp.