Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:737 (2021-2022)
Innlevert: 19.12.2021
Sendt: 20.12.2021
Besvart: 07.01.2022 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kan finansministeren gjere greie for det fulle rettslege grunnlaget for korleis EØS-avtalen er til hinder for at lønnsstøtteordninga kan utformast annleis enn i skissa lagt fram av regjeringa 17/12, med omsyn både til støttebeløp og andre hovudvilkår (som til dømes «alle eller ingen»-regelen); og for kva dialog regjeringa har hatt med ESA om desse spørsmåla før skissen vart presentert?

Begrunnelse

I Regjeringa si skisse til ordning for lønnsstøtte for bedrifter som vert råka av smitteverntiltak, tar regjeringa atterhald om godkjenning av støtteordninga frå EFTAs overvakingsorgan (ESA).
På NRK Dagsrevyen laurdag 18. desember opplyste finansminister Trygve Slagsvold Vedum at det ikkje er mulig med ein høgere støttesats enn det som ligg i skissen, og at dette er avklart med ESA.
Søndag 19. desember avviser ESA dette. ESAs kommunikasjonssjef er sitert på følgande i NTB og E24:

«Det midlertidige rammeverket åpner et veldig stort rom. Vi ser ingen grunn til å stikke kjepper i hjulene for de ulike EØS-landenes myndigheter og de tiltakene de velger å innføre for å beskytte sine økonomier, bedrifter og borgere, så lenge disse er proporsjonale og i samsvar med EØS-regelverket.»

ESA avviser også at EØS-avtalen er til hinder for ein meir fleksibel modell for utforming av lønnsstøtte enn den «alle eller ingen»-regelen regjeringa har vald å legge fram, der det er stilt krav til bedriftene om at dersom dei skal kunne nytte lønnsstøtteordninga, kan ingen tilsette permitterast.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Under arbeidet med ny lønnsstøtteordning har vurderinga vore at det er mest føremålstenleg å byggje på det midlertidige EU/EØS-statsstøtteregelverket for covid-pandemien (Temporary Framework). Dette er eit rammeverk som er utarbeidd av Europakommisjonen, og har som føremål å gje rammar for støttetiltak for å avhjelpe konsekvensane av pandemien som kan godkjennast raskt. EFTAs overvåkingsorgan (ESA) legg til grunn dei same reglane i si handsaming av notifikasjonar av korona-ordningar frå EØS/EFTA-landa.
Temporary Framework (fotnote 1) har i pkt. 3-10 reglar for subsidiar til løn for å unngå permitteringar eller oppseiingar som følge av covid-pandemien. I avsnitt 43 er det oppstilt nærmare vilkår for at overvåkningsorganet (ESA for EØS/EFTA-landa) skal godkjenne slike ordningar (mine understrekingar):

«43. If such measures constitute aid, the Commission will consider them compatible with the internal market on the basis of Article 107(3)(b) TFEU provided the following conditions are met:
a. The aid is aimed at avoiding lay-offs during the COVID-19 outbreak (and to ensure the continuation of business activities of self-employed individuals);
b. The aid is granted in the form of schemes to undertakings in specific sectors, regions or of a certain size that are particularly affected by the COVID-19 outbreak;
c. The individual aid awards of the wage subsidy scheme are granted no later than 30 June 2022, for employees that would otherwise have been laid off as a consequence of the suspension or reduction of business activities due to the COVID-19 pandemic (or for self-employed individuals whose business activity has been negatively affected by the COVID-19 pandemic), and subject to the condition that the benefitting personnel is maintained in continuous employment for the entire period for which the aid is granted (or subject to the condition that the relevant business activity of the self-employed individual is maintained for the entire period for which the aid is granted);
d. The monthly wage subsidy shall not exceed 80% of the monthly gross salary (including employer’s social security contributions) of the benefitting personnel (or 80% of the average monthly wage equivalent income of the self-employed individual). Member States may also notify, in particular in the interest of low wage categories, alternative calculation methods of the aid intensity, such as using the national wage average, minimum wage or the monthly gross wage cost of the employees concerned (or the monthly wage equivalent income of self-employed individuals) before the COVID-19 outbreak, provided the proportionality of the aid is maintained;
e. The wage subsidy may be combined with other generally available or selective employment support measures, provided the combined support does not lead to overcompensation of the wage costs of the personnel concerned. Wage subsidies may further be combined with tax deferrals and deferrals of social security payments.»

I samsvar med avsnitt 43 c. og d. kan ein stat gje lønnsstøtte for tilsette som elles, utan støtta, ville blitt permitterte eller oppsagde som følge av covid-pandemien. Støtta kan ikkje overstige 80 pst. av bruttolønn for desse tilsette.
Eg vil presisere at mine fråsegn i Dagsrevyen 18. desember om at det ikkje var mogleg å gå høgare på støtta i ordninga, knytte seg til eit innslag med ein restauranteigar som kravde å få dekka 100 pst. av løna. Regelverket set ei tydeleg grense på 80 pst. av bruttoløn, som ikkje kan overstigast.
Hovudtrekka og detaljar i den skisserte ordninga har vore drøfta med ESA i fleire møte for å avstemme om ho var i tråd med reglane, slik at det kan forventast at ESA kan godkjenne ho. Før desse møta blei foreløpige skisser for ordninga sende til ESA som bakgrunn for drøftingane. I tillegg var det etter møta korrespondanse på e-post med oppklaringar.
Dialogen med ESA dreidde seg mellom anna om kva som skulle til for å forsikre ESA om at lønnsstøtta ikkje ville overstige 80 pst. av bruttolønn for arbeidstakarar som elles ville blitt permitterte eller oppsagde. Et sentralt tema i samtalene med ESA var korleis ein kan identifisere dei arbeidstakarane som elles ville mista jobben, i en situasjon der ordninga krev at ingen mister jobben. Vårt utgangspunkt var at desse tilsette i praksis ikkje let seg identifisere individuelt, og at utrekning av lønnsstøtta derfor måtte bygge på meir generelle betraktningar.
Ordninga kan avgjere om ei bedrift går til permittering eller oppseiing eller ikkje. Det har difor vore viktig for meg å vere trygg på at ordninga, slik den blei presentert før jul, faktisk kunne bli godkjend av ESA.
Det var bakgrunnen for at vi i utgangspunktet sette beløpsgrensa for maksimal støtte. Grensa blei sett slik at maksimal støtte ikkje ville overstige 80 pst av lønsnivået i bransjane som var mest omfatta, i fyrste rekkje servering og overnatting.
Ny dialog med ESA etter at ordninga var lagt fram tilsa at det var mogleg å tolke 80.pst.-regelen i det midlertidige statsstøtteregelverket noko meir fleksibelt enn vi først trudde. Det sentrale var at det samla sett var tilstrekkelege sikkerheitsmekanismar i ordningas regelverk for å ivareta krava i statsstøtteregelverket. Det leda til at vi vurderte at det likevel ikkje var nødvendig å sette ei maksimal grense nær lønsnivået i dei aktuelle bransjane, men at vi i staden kunne basere oss på ei avgrensing på 80 pst. av lønen på individnivå.
Dei nominelle grensene som nå er sette, er grunngjedde ut frå kva som er rimeleg og ut frå omsynet til kostnadar for staten.
Regelen om «alle eller ingen» følgjer ikkje av statsstøtteregelverket. Det er eit val vi tok i utforminga i ordninga. Det inneber at føretaka kan velje om dei vil nytte lønsstøtteordninga eller permitteringsordninga om omsetjinga skulle svikte. I dialogen med partane i arbeidslivet peikte arbeidstakarsida på at ei ordning der ein opna for å kombinere lønsstøtte og permittering, lett ville ført til at dei svakast stilte blei permittert.
Eg vil presisere at det framleis står att arbeid med utforminga av ordninga, og at ho ennå ikkje er formelt godkjent av ESA.

-----------------------------

Fotnote 1)
Lenke: https://ec.europa.eu/competition-policy/system/files/2021-11/TF_consolidated_version_amended_18_nov_2021_en_2.pdf