Liv Kari Eskeland (H): Kan statsråden orientere om korleis Noreg no jobbar vidare med PEF for å sikre best mogleg inngang til marknaden for norske naturmateriale?
Begrunnelse
Viser til spørsmålet mitt nr 264 og svar frå Statsråden på dette
Av svaret forstår vi at norske myndigheiter ikkje har ei aktiv rolle i arbeidet med Product Environmental Footprint for klede og sko, men arbeider gjennom bransjeorganisasjonar og norske næringsaktørar.
I svaret frå statsråden kjem det fram at
«syntetiske tekstil som polyester kjem best ut for nokre miljøpåverknader, medan for andre miljøkategoriar har naturmateriale mindre negativ påverknad».
Det er av interesse å få kartlagt om premissane for slike vurderingar bygger på riktige kriterie, og korleis ein kjem fram til at syntetiske fiber er betre enn naturmateriale innan desse områda.
Til sist blir det i statsråden sitt svar peika på at EU i handlingsplanen sin for sirkulær økonomi adresserer utslepp av mikroplast – men i PEF for klede og skotøy er mikroplast ikkje med i utrekningane.
Dette er noko av grunnlaget for kritikken som også er reist her i Noreg til PEF. Det er derfor svært viktig at departementet jobbar vidare med denne saka for å sikre at norske interesser innan tekstil basert på naturmateriale får ein rettmessig plass i marknaden som berekraftige, når heile livssyklusen til materiala (frå opphav via resirkulering til avfall) blir teke omsyn til.