Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til næringsministeren

Dokument nr. 15:785 (2021-2022)
Innlevert: 03.01.2022
Sendt: 03.01.2022
Besvart: 07.01.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kva gjer regjeringa for å sikre at norske næringsinteresser ikkje blir trua av påstandar om at naturmateriale har ein større klima- og miljøbelastning enn tekstil basert på fossile materiale?

Begrunnelse

Noreg har ei samanhengande verdikjede for ull frå sauer i alle fylke, til spinneri, veveri og strikkefabrikker. Ei viktig råvare for desse produsentane er norsk ull, og importerte fiber som ull, silke, alpakka og til dels lin. Denne industrien har gått svært godt gjennom pandemien og mange rapporterer om stor auke i sal og lønnsemd. Mange av desse bedriftene er hjørnestensbedrifter i lokalsamfunna sine og bidrar med god marknadsføring av Noreg via turistmarknaden, vinteridrettsarrangement og mykje anna. Noreg har òg mange sterke merkevarer med merinoull som ein viktig fiber og mange dyktige småskala designarar, handverkarar, bunadsmakarar, med meir som baserer verksemda si på naturmateriale. Den lokale produksjonen av klede viser for tida god utvikling, takka vere auka interesse for ressursen ull, kopla opp med ny teknologi, ikkje minst innan strikking. Næringa omfattar store bedrifter som Sandnes garn med 100 tilsette og mange små enkeltmannsforetak.
Den globale klesindustrien har utvikla samanlikningsverktøy som peiker ut dei fossile materiale som dei beste for klima og miljø. Dette er materiale som allereie har mykje lågare pris. Dette har ført til at stadig meir av tekstila som finst i handelen er laga av fossile materiale, eller er ein kombinasjon av naturmateriale og materiale basert på fossile kjelder. Denne utviklinga kan forventast å akselerere dersom EUs Product Environmental Footprint blir vedtatt slik ho er i dag, og òg om marknadsføringa i den globale industrien av plast som det miljømessig føretrekte materiale ikkje blir nyansert.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Denne regjeringa skal føre ein aktiv og framtidsretta næringspolitikk. Ved å sørgje for rammevilkår som gir bedrifter over heile landet gode moglegheiter til utvikling, skal vi leggje til rette for nye lønsame og framtidsretta arbeidsplassar. Det gjeld naturlegvis òg for verksemder som ser moglegheiter for lønsame arbeidsplassar basert på produksjon av berekraftig naturmaterial.
Formålet med EU-kommisjonen sitt arbeid med PEF (product environmental footprint) er å underbyggje miljøinformasjon med felles metodar for å måla og formidla miljømessige fotavtrykk til produkt. Ved å ha ein felles metode for måling og formidling vil ein medverke til å minke grønvasking og sikre samanliknbar miljømerking. PEF-metoden ser på heile miljøfotavtrykket til eit produkt gjennom heile livsløpet ved å rekne ut miljøpåverknad for 16 ulike miljøkategoriar. Gjennom Miljødirektoratet deltek norske styresmakter i ei overordna ekspertgruppe om miljøfotavtrykk i EU. I dei tekniske arbeidsgruppene som utarbeider regnereglar for spesifikke produktkategoriar er det likevel aktørar frå dei ulike bransjane som deltek. Det er viktig at norske aktørar med relevant fagkunnskap bidreg med kompetansen sin inn i EU sine prosessar for PEF.
Arbeidet med å utvikla PEF-metoden for klesplagg er ein prosess som vil gå føre seg i fleire år. Mange aktørar er involverte, og metoden er ikkje ferdig utvikla. Det er eit komplisert arbeid med mange tekniske detaljar, og det er for tidleg å seie kva resultatet vil bli. Noreg har ved fleire høve gitt innspel til EUs arbeid med ein tekstilstrategi, og har lagt vekt på mellom anna reduksjon av bruken av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og plast i tekstil, korleis tekstil må produserast med tanke på lang levetid og moglegheit for ombruk og materialgjenvinning. For meir utfyllande svar om korleis Noreg jobbar med PEF viser eg til svar frå klima- og miljøministeren på spørsmål nr. 746 frå stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland om korleis Norge arbeidar vidare med PEF for å sikre best mogleg inngang til marknaden for norske naturmateriale.
Denne delen av industrien har naturlegvis tilgang til landsdekkjande og regionale ordningar frå det statlege verkemiddelapparatet på line med andre næringar. Ulike låne- og tilskotsordningar og andre tenester med vekt på kompetanseheving, innovasjon og eksportfremme, kan bidra til å understøtte utviklinga i verksemder som satsar på produksjon av tekstilar basert på mellom anna norsk ull og andre berekraftige material. I Hurdals-plattforma er det ein ambisjon om å gå gjennom det næringsretta verkemiddelapparatet, med sikte på å forenkle, gjere meir tilgjengeleg og styrkje ordningane som skal fremje vekst. Vi ser no nærare på korleis vi skal følgje opp dette. Regjeringa si eksportsatsing er høgt prioritert, og dette er et arbeid som er relevant for tekoindustri som ser gode eksportmoglegheiter.