Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:865 (2021-2022)
Innlevert: 11.01.2022
Sendt: 12.01.2022
Besvart: 21.01.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Korleis vil statsråden sikre at ein greier å holde oppe tempo i fylkeskommunale vegprosjekt, når fagmiljøa innan samferdsle blir fragmentert grunna diskusjonar om, og i verste fall oppløysing av, fylkeskommunane?

Begrunnelse

Oppløysing av fylker har fleire aspekt ved seg. Allereie no ser vi kompetanseflukt frå enkelte av fylkeskommunane som har diskusjonar gåande om ein skal gå mot ei oppløysing eller om ein skal halde fram som ei felles eining. Denne kompetanseflukten ser ein mellom anna innan samferdselsektoren, der fylkesadministrasjonen opplever at dei større fagmiljøa som no er danna innan samferdslesektoren har vore positive for utviklinga i prosjekta, medan diskusjonar om oppløysing og mindre einingar får folk til å søke seg bort frå fylkeskommunen, og fagmiljøa blir fragmentert. Eit godt døme her er Viken som opplever denne kompetanseflukten. Her er konklusjonen at ei oppløysing vil føre til at prosjekt vert skyve ut i tid, og en misser tempo på gjennomføring av fylkeskommunale utbetrings- og trafikktryggleiksprosjekt. Spesielt vil dette gå ut over prosjekt i gamle Buskerud og Østfold.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Av Hurdalsplattforma går det mellom anna fram at regjeringa vil oppløysa tvangssamanslåtte fylkeskommunar. Basert på søknad i fylkestinget er frist for å senda søknad 1. mars 2022. Vidare heiter det mellom anna plattforma:
Den innsendte søknaden fra Troms og Finnmark om oppløsning skal innvilges, og det skal i løpet av 2021 settes i gang en prosess for å gjenopprette Akershus, Buskerud og Østfold basert på en søknad fra fylkestinget i Viken.
Regjeringa vil følgja opp Hurdalsplattforma, og vil leggja til rette for at tvangssamanslåtte fylkeskommunar kan delast, dersom fylkeskommunane sjølve ønskjer det. Fleire fylkeskommunar utgreier no om dei skal delast. I den samanhengen bør det vurderast kva for konsekvensar ei deling vil få for samfunnsutviklinga i fylkeskommunen, for tenester til innbyggjarane, for utøving av myndigheit og for lokaldemokratiet. Eg viser i den samanhengen til § 1 i inndelingslova:
Endringar i kommune- eller fylkesinndelinga bør medverke til å skape formålstenlege einingar som kan gi innbyggjarane og næringslivet tilfredsstillande tenester og forvaltning.
Konsekvensar for dei tilsette og de ulike kompetansemiljøa i fylkeskommunen er ei av mange problemstillingar som må vurderast i ei sak om fylkesdeling. I første omgang er det fylkestinget i den enkelte fylkeskommune sjølv som må vurdera fordelar og ulemper ved ei eventuell deling. Og det er fylkeskommunen sjølv som har ansvar for at oppgåver som fylkeskommunen har ansvar for vert løyst på ein tilfredsstillande måte, også i ein fase der oppdeling vert vurdert.