Liv Kari Eskeland (H): Kan departementet kome med ein plan for når idrettsmeldinga vert lagt fram for Stortinget?
Begrunnelse
Idrettsmeldinga har i lengre tid vore varsla frå departementet, med basis i idrettsstrategien som vart lagt fram av førre regjering. Det er mange anlegg som er avhengige av meldinga for å kome vidare med sine prosessar, og idretten har lagt ned mykje arbeid i høyringar og innspel for å lage eit så godt grunnlag som mogleg for departementet.
Ishallen på Stord er eitt av dei anlegga som no ventar på ei avklaring gjennom meldinga, eit anlegg som vil bety svært mykje for regionen, og som vil skape mykje aktivitet både under bygging men også gjennom drifta av anlegget. No er arbeidet stoppa opp i påvente av meldinga, og ein treng difor ein indikasjon på kva tid ein kan vente meldinga handsama i Stortinget.