Alfred Jens Bjørlo (V): Kan utenriksministeren gi ei oversikt over kva ekspertgrupper og komitear under EU-kommisjonen Noreg har høve til å delta i, og kva grupper Noreg faktisk deltek i pr. januar 2022?
Begrunnelse
Noregs viktigaste og mest effektive måte å påverke utviklinga av EU-regelverk på som ikkje-medlemsland i EU, er forvaltinga si deltaking i ekspertgrupper og komitear under EU-kommisjonen. Desse bistår Kommisjonen i utarbeidinga av nye framlegg til regelverk og lover.
Noreg si deltaking er ein viktig formell rett under EØS-avtalen som gjev høve til påvirking i tidlege faser av ny regelverksutforming. Etter EØS-avtalen artikkel 99 (1) skal Kommisjonen i førebuinga av EØS-relevante rettsakter søkje råd frå EFTA-statane sine ekspertar på same måte som kommisjonen innhentar synspunkt frå sakkyndige i EU sine medlemsstatar.
Både for norske innbyggjarar og bedrifter er det viktig at dei høva dette gir, vert utnytta fullt ut. Samtidig har ålmenta og norske politikarar lite kunnskap om Noreg si deltaking i EU sine ekspertgrupper og komitear. Allereie i "NOU 2012:2 – utenfor og innenfor" vart det påpeikt at det ikkje blir ført noko systematisk oversikt over norsk deltaking i dei ulike komiteane, og at det heller ikkje er nokon oversikt over kven som representerer Noreg eller norske organ i dei ulike kanalane.
Eit godt kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for ein aktiv europapolitikk. Særlig i samband med EUs grøne giv er det akkurat no høgt tempo i Kommisjonens utarbeiding av nytt regelverk som er relevant for Noreg. Aktiv deltaking i komiteane og arbeidsgruppene gjer det mulig for oss å fange opp viktige framlegg tidlig. Samtidig er det i ei tidleg fase det er lettast å påverke innhaldet dersom deltakarane er godt førebudde og har fagleg tunge innspel.
Høvet til tidleg påvirking utgjer eit viktig politisk handlingsrom for Noreg, og vi bør etter Venstre sitt syn aktivt nytte oss av alle påverknadskanalar EØS-avtalen gjev oss.