Skriftlig spørsmål fra Kirsti Bergstø (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:1050 (2021-2022)
Innlevert: 27.01.2022
Sendt: 27.01.2022
Besvart: 01.02.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Kirsti Bergstø (SV)

Spørsmål

Kirsti Bergstø (SV): Når vil folk som har gått på arbeidsavklaringspenger få mulighet til å søke på ny om arbeidsavklaringspenger uten å hindres av regelen om karensår?

Begrunnelse

Den 21. januar vedtok Stortinget at folk som har gått på arbeidsavklaringspenger kan søke på ordningen uten å hindres av regelen om karens.
For mange av disse menneskene har innstrammingene i AAP-regelverket vært en katastrofe og det er viktig at de nye endringene Stortinget har vedtatt kommer raskt på plass.
Det er viktig å gi økonomisk trygghet til en gruppe som lever i stor økonomisk usikkerhet, og som har blitt ekstra hardt rammet av pandemien.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: I samanheng med behandlinga av Prop. 48 LS (2021-2022) og Innst. 113 S (2021-2022), fatta Stortinget 21. januar 2022 vedtak om at personar skal få søkje på ordninga med arbeidsavklaringspengar før 1. juli 2022 utan å bli hindra av regelen om karensår.
Stortingsvedtaket har blitt følgt opp med ei endring i midlertidig forskrift om unntak fra folketrygdloven og arbeidsmiljøloven i forbindelse med covid-19-pandemien, fastsette av Kongen i statsråd i dag 28. januar 2022. Den mellombelse opphevinga av føresegnen om karensår er teken inn som ein ny § 5-4 i forskrifta, og skal gjelde i perioden frå og med 1. februar 2022 til og med 30. juni 2022. Dette inneber at personar som avviklar karensår per 1. februar 2022 kan søkje seg inn igjen på ordninga frå denne datoen, sjølv om dei ikkje har avvikla heile karensåret.
Normalt sett kan arbeidsavklaringspengar gis tidlegast frå det tidspunktet då søknad blei set fram. Ettersom forskriftsfesting kjem på plass fyrst nært opp til datoen som den mellombelse opphevinga tek til å gjelde, er det teke inn ei presisering i forskrifta om at det i perioden frå og med 1. februar 2022 til og med 1. mars 2022 skal gjerast unntak frå denne regelen for medlemmer som søkjer om ny rett til arbeidsavklaringspengar og som får unntak frå kravet om å avvikle karensår.