Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:1088 (2021-2022)
Innlevert: 29.01.2022
Sendt: 31.01.2022
Besvart: 08.02.2022 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil finansministeren sørge for at folkeregisterlova sine reglar om bustadregistrering for Forsvarets personell vert praktisert på korrekt måte, slik at forsvarspersonell stasjonert i kommunane Bardu og Målselv blir registrert som innbyggjarar i desse kommunane?

Begrunnelse

Målselv og Bardu er kommunar med svært stor forsvarsaktivitet, mellom anna mange befal som er stasjonert i kommunane.
For ein del år tilbake vart det avdekka at mange av Forsvarets personell ikkje melder flytting til kommunen dei er stasjonert i, og at det heller ikkje er gode rutiner for at Skatteetaten kontaktar desse sjølv om etaten får bustadlister frå Forsvaret.
Det fører m a til at Målselv og Bardu årleg går glipp av betydelege beløp i rammetilskot og skatteinntekter, samtidig som dei må gje kommunale tenester til personane som er stasjonert i kommunane. Truleg er det snakk om fleire hundre personar som ikkje er korrekt folkeregistrert i Bardu og Målselv, og dermed fleire millionar i årlege tap for dei to distriktskommunane.
Stortingsrepresentant Terje Breivik (Venstre) tok saka opp med Finansministeren i 2014, og fekk då følgande svar: «Etterlevelsen av meldeplikten til Folkeregisteret for personer som har jobb i Forsvaret og flytter ofte, har ikke vært god nok. Det ble derfor satt i gang et samarbeid mellom Bardu kommune, Forsvaret og Skatt nord våren 2012, hvor formålet er å legge til rette for økt etterlevelse av meldeplikten til Folkeregisteret. Målselv kommune ble en del av dette samarbeidet våren 2013. (...) Finansdepartementet ble gjort kjent med problemstillingen høsten 2013 etter en henvendelse fra Målselv kommune. Departementet tok da kontakt med Skattedirektoratet, som ble bedt om å følge opp det nevnte samarbeidet." (Dokument nr. 15:457 (2013-2014)).
Eg ønskjer å vite kva status er no pr januar 2022 for samarbeidet Finansdepartementet orienterte Stortinget om i 2014, og om det no er etablert klare og gode rutiner som sikrar at Forsvarets personell rutinemessig blir registrert med riktig bustadadresse i tråd med Folkeregisterlova når dei blir stasjonert i Bardu og Målselv.
Dersom ikkje dette er tilfelle, ber eg Finansministeren stadfeste at han snarast vil sørge for at slike rutiner kjem på plass slik at Bardu, Målselv og andre distriktskommunar med stor forsvarsaktivitet får registrert korrekt innbyggjartal, og dermed også dei inntektene kommunane skal ha til drift av kommunale tenester.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Det er viktig at reglene i folkeregisterlova om bustadregistrering vert følgt og at kommunane der Forsvaret sitt personell er busett, får dei skatteinntektene og overføringane dei har krav på.
Som det går fram av spørsmålet, vart det allereie i 2012 satt i gang eit samarbeid mellom Forsvaret, Skatteetaten og kommunane Bardu og Målselv om bustadregistreringa av Forsvaret sitt personell. Skatteetaten har hatt fleire møte og samtalar med desse kommunane og andre «forsvarskommunar». Skatteetaten har bidratt med å greie ut om regelverket, hjelpt til med å lage informasjon som vert gitt til Forsvaret sitt personell, og vore tilgjengeleg for rådgjeving i konkrete problemstillingar. Seinast i september 2020 var Skatteetaten i eit møte med kommuneleiinga i Målselv kommune der regelverket og ulike problemstillingar rundt bustadregistreringa av Forsvaret sitt personell vart gått gjennom.
Det har òg vore kontakt mellom Forsvarsdepartementet og Finansdepartementet i denne saka, og det er vurdert ulike tiltak for å oppnå ein høgare grad av riktig bustadregistrering av Forsvaret sitt personell. Etter folkeregisterlova er det den som endrar bustad som pliktar å melde flytting til skattekontoret. Skatteetaten si vurdering er at den mest tenlege måten å sikre at Forsvaret sitt personell oppfyller denne plikta på, er at Forsvaret følger opp sine arbeidstakarar med god informasjon om pliktane til den enkelte.
Eg er kjent med at Forsvaret og Forsvarsbygg på bakgrunn av tidlegare førespurnader frå ordførarane i Bardu og Målselv, har etablert rutinar som skal gje meir informasjon til personellet om plikta til å melde flytting etter folkeregisterlova. Mellom anna vert det gitt målretta informasjon til dei som i samband med beordring flytter til ein annan kommune og får flyttekostnader dekt av Forsvaret. Det er også detaljert informasjon på Forsvaret sine interne nettsider, og i Forsvarets sitt reglement for utøving av Forsvaret si bustadverksemd.
Forsvarsdepartementet har fått informasjon frå Forsvaret om kor mange det potensielt kan vere som skulle ha meldt, men ikkje har meldt, flytting til Bardu kommune. Desse tala syner at det kan gjelde færre personar enn det som er omtala i media. Årsaka til dette er mellom anna at det er nokon unntak frå plikta til å melde flytting, til dømes for dei som pendlar. Arbeidstakarane dette gjeld har fått meir tilpassa og målretta informasjon om plikta til å melde flytting.
Eg meiner det no er etablert betre rutinar for å sikre at Forsvaret sitt personell vert bustadregistrert på riktig måte. Samstundes kan det sjå ut til at det framleis kan vere ein del av arbeidstakarane som ikkje vert registrert riktig. Eg vil sjå nærmare på dette og i samarbeide med Forsvarsdepartementet og kommunane arbeide for at bustadregistreringa av Forsvaret sitt personell i desse kommunane vert betre, inkludert om Skatteetaten bør justere sine rutinar for oppfølging av dette. Dette er en problemstilling eg vil følgje opp.