Frank Edvard Sve (FrP): Kva har olje- og energiministeren tenkt å gjere for norsk næringsliv med tanke på skyhøge drivstoffprisar, rekordhøge olje og gassprisar, samt skyhøge straumprisar der staten håvar inn milliardar av kroner i ekstrainntektet, medan norsk næringsliv snart har "knekt rygg" på grunn av skyhøge ekstrakosnadar innan drivstoff, gass og straum; når har olje, gass og kraftnasjonen Norge, og statsråden tenkt å gjere noko for rammevilkåra til næringslivet gjeldande drivstoff, gass og straumprisane?
Begrunnelse
Straumpriskrisa fortsetter og regjeringa ser fortsatt totalt handlingslamma ut. Staten tar inn meir enn 28 milliard kr i ekstra inntekter på grunn av dei skyhøge straumprisane og dette er utan el avgifta og MVA. Såleis dreiar ekstrainntektene seg om ca. 40 milliard kr ekstra, i tillegg håvar statskassa inn milliardar pr. dag i ekstra inntekter på grunn av dei rekordhøge olje og gassprisane.
Innbyggjarane her i landet frys, og straumrekningane folk flest får er skremmande høge i mange delar av landet. Hyttefolket og andre områder er utelatt frå straumstøtteordringa av ein eller uforståeleg grunn då desse også betalar sin andel av ekstrainntektene som staten tar inn og burde få sin rettmessige andel tilbake.
Næringslivet og tjenestenæringane står for omlag 65 % av straumforbruket her i landet og står også då for ein stor del av ekstrainntektene som staten tar inn. Regjeringa ser ut til å absolutt ikkje bry seg det spøtt om næringslivet her i landet, og vi har no eit næringsliv som sliter voldsomt på grunn av dei svært høge drivstoff, gass og straumprisane.
Norge har alltid kunne tilby sine bedrifter rimelig og nok kraft, dette som eit fortrinn i eit land med nok av ulemper. Olje og gasslandet Norge burde også kunne gje innbyggjarane og næringslivet billig drivstoff og gassprisar.
No opplever næringslivet her i landet stort sett berre "ulemper" , skyhøge drivstoffprisar som no er over 20 kr literen, skyhøge skattar og avgifter med SP og AP som ser ut til å ha som mål å knekke det norske næringslivet, og opp på dette skyhøge straumprisar.
Frå før har næringslivet nok av utfordringar med store transportkostnadar, høgt kostnadsnivå generelt i landet og negative konkurransegrunnlag mot Europa og resten av verden for sine varer og tjenester.