Sveinung Rotevatn (V): Når kan arbeidsfolk på heimekontor forvente at regjeringa ferdigstiller arbeidet med ny heimekontorforskrift, slik at dei ikkje opplever unødvendig slitasje eller uvisse rundt faglege rettar?
Begrunnelse
Dagens heimekontorforskrift er 20 år gamal og utdatert med tanke på pandemi og den digitale utviklinga. Derfor sende Solberg-regjeringa eit forslag til ny forskrift på høyring i fjor vår.
I flere mediesaker før jul kom det frem at fagforeninger opplevde å få signaler fra Arbeids og inkluderingsministeren om at saken er utsatt. Heile eitt og eit halvt år etter at den førre regjeringa sette i gang arbeidet.
Dei tilsette som har vore pålagt heimekontor over lang tid opplever at dei er usikre på forsikringsdekning, og mange har dårlegare kvalitet på fysisk arbeidsmiljø som til dømes utstyr og ergonomiske hjelpemiddel.
Når vi går inn i ein ny kvardag etter pandemien må vi òg ha ein ambisjon om å vere gode på å tilrettelegge for dei som ønsker å halde fram med å nytte heimekontor. Då trengs eit oppdatert regelverk som sikrar arbeidstakarane sine rettar.