Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1249 (2021-2022)
Innlevert: 13.02.2022
Sendt: 14.02.2022
Besvart: 22.02.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil samferdsleministeren sørge for at opprusting av flaskehalsane på E39 mellom Byrkjelo og Sandane ikkje berre blir planlagt, men også gjennomført i løpet av perioden 2022-2027, i tråd med føringar frå Stortinget i handsaminga av NTP 2022-2033?

Begrunnelse

Nokre av dei verste gjenståande flaskehalsane på E39 finst på den korte strekninga mellom Byrkjelo-Sandane i Gloppen kommune (Vestland).
På statsbudsjettet for 2021 vart det løyvd 5 mill. NOK i planleggingsmidlar til utbetring av dei verste flaskehalsane på strekninga (Gullkista og Jarbrugda). I følgje SVV sin nyleg framlagde gjennomføringsplan for 2022-27, vil dette planleggingsarbeidet bli gjennomført i år (2022).
Det økonomiske omfanget av flaskehals-utbetringar på E39 Byrkjelo-Sandane har i NTP-arbeidet blitt vurdert som for lite til at prosjektet er definert som eige tiltak i porteføljen over «store tiltak» - men i staden som eit tiltak innanfor programområdemidlane. Eit breitt stortingsfleirtal (Sp, Ap, Høgre, Frp, SV og Venstre) trekte i Stortinget si handsaming av NTP 2022-2033 særskilt fram flaskehalsutbetringane på E39 Byrkjelo-Sandane som eit aktuelt prosjekt å gjennomføre (Innst. 653S 2020-21). (Sp foreslo i tillegg å avsetje øyremerka midlar til prosjektet.)
Det er gledeleg at planarbeidet av desse strekningane no kjem raskt i gang – men ein må då føresetje at målet med rask planlegging er å legge til rette for rask gjennomføring. Det har blitt peikt på som ei «budsjetteknisk» utfordring at utbetring av dei to verste flaskehalsane på strekninga (Gullkista og Jarbrugda), er tiltak som er for små til å bli omtalt særskilt i NTP som eige prosjekt i porteføljen – men samtidig så store at det er vanskeleg å finne rom for dei innanfor programområdemidlane, som er ein «samlepott» for einskildtiltak som ofte er av betydeleg mindre omfang enn det vi snakkar om her.
Dette er etter mi vurdering eit reint "teknisk problem", som må kunne løysast i dialog mellom departement og fagetat, ut frå dei klare signala Stortinget har gitt om prosjektet. Eg vil difor be Samferdsleministeren følgje opp saka på høveleg måte i budsjettarbeidet for 2023, slik at ein fangar opp signala frå eit breitt stortingsfleirtal om at det hastar med å få utbetra dei verste flaskehalsane på E39 Byrkjelo-Sandane. Planarbeidet som no blir gjennomført i 2022 må føre til ei tilsvarande rask gjennomføringa av tiltaka som blir planlagde.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: I Nasjonal Transportplan (NTP) 2022-2033 er det namngitt prosjekt som startar opp i dei første seks åra av planperioden. Samstundes er det satt av ein ikkje-fordelt pott også for dei siste seks åra av perioden. Utfordringar og ambisjonar for transportkorridorane er presentert i stortingsmeldinga.
Statens vegvesen skal, med utgangspunkt i dei utfordringar, mål og økonomiske rammer som er omtalt i NTP, utvikle strategiar og planar for nye investeringar som best løyser utfordringane. Det er opp til Statens vegvesen sjølv å vurdere kva prosjekt dei skal setje i gang planlegging av etter plan- og bygningsloven.
På strekninga E39 Byrkjelo – Sandane, der dagens E39 går, vart det løyvd 5 millionar over statsbudsjettet for 2021 til planlegging av delstrekningar mellom Byrkjelo og Sandane, i hovudsak Gullkista og Jarbrua. Arbeid med reguleringsplan vil starte i 2022. Moglege løysningar og kostnad for gjennomføring av tiltak vil verte kjend gjennom reguleringsplanarbeidet.
Statens vegvesen offentleggjorde den 8. februar i år sin plan for gjennomføring av NTP 2022-2033. Planen er dynamisk og vil bli oppdatert åreleg. Per no inngår ikkje E39 Byrkjelo - Sandane i Statens vegvesens plan. Tiltak på strekninga vil vurderast i dei årlege rulleringane av gjennomføringsplanen.