Skriftlig spørsmål fra Tobias Drevland Lund (R) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1263 (2021-2022)
Innlevert: 14.02.2022
Sendt: 14.02.2022
Rette vedkommende: Arbeids- og inkluderingsministeren
Besvart: 18.02.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Tobias Drevland Lund (R)

Spørsmål

Tobias Drevland Lund (R): I den nye statsborgerloven som trådte i kraft 15. januar 2020 heter det at barns norske statsborgerskap som hovedregel ikke skal tilbakekalles som følge av foreldrenes uriktige opplysninger.
Kan statsråden da redegjøre for hvorfor UDI har funnet grunn til å tilbakekalle statsborgerskapet til 44 barn siden den nye loven trådte i kraft, samt at ytterligere 50 andre barn venter på vedtak og risikerer å miste sitt norske statsborgerskap?

Begrunnelse

TV2 kunne nylig fortelle at UDI har tilbakekalt statsborgerskapet til 44 barn siden den nye loven trådte i kraft, samt at ytterligere 50 andre barn venter på vedtak og risikerer å miste sitt norske statsborgerskap. UDI opplyser på sin side at det dreier seg om «små barn som ikke har en sterk tilknytning til Norge, barn som aldri har bodd i Norge eller som har flyttet ut sammen med foreldrene sine". Etter at TV 2 har bedt om alder på barna, viser det seg at 29 barn var over seks år da vedtaket ble gjort, og åtte var mellom 12 og 17 år gamle. Det fremkommer også av saken til TV2 at 70 prosent av barna som ble fratatt statsborgerskapet hadde bodd i Norge i mer enn fem år da vedtaket ble gjort. Ti av barna hadde en botid i Norge på mer enn ti år, ifølge tall fra statistikkavdelingen til UDI.
Denne praksisen må da være et klart brudd på intensjonen i statsborgerloven.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: «Barnets beste» er eit grunnleggande omsyn i saker som rører barn (Grunnloven § 104 og barnekonvensjonen art. 3). Når UDI førehandsvarslar om tilbakekall og ber om tilsvar i saka, opplyser dei både om dette og at barn som har fylt sju år, og yngre barn som er i stand til å danna seg eigne synspunkt, har rett til å uttala seg før avgjersle av saker som rører dei. Utsegn kan bli gitt av barnet sjølv eller gjennom foreldre eller verje.
Etter endringane i statsborgarlova kan barn som hovudregel ikkje få tilbakekalla norsk statsborgarskap på grunn av urette opplysningar gitt av foreldre eller besteforeldre. Dette gjeld òg personar som har vorte vaksne, men som var under 18 år då dei søkte eller fekk innvilga norsk statsborgarskap. Barn under 18 år kan likevel få tilbakekalla norsk statsborgarskap om barnet, etter ei konkret vurdering, ikkje har sterk tilknyting til Noreg. Forarbeida i Prop. 141 L (2018-2019) gir rammene for vurdering av tilknyting. Fleire moment er relevante i denne vurderinga, som opphaldstid, språk, skulegang, alder, arbeid, deltaking i fritidsaktivitetar, langvarig opphald utanfor Noreg, tilknyting til opphavslandet m.m. Det går òg fram av forarbeida at ein ved vurderinga av tilknyting kan ta i betraktning etablert praksis i saker etter utlendingsforskrifta § 8-5, jf. utlendingslova § 38, om vurderinga av sterke menneskelege omsyn og vekta av tilknytinga barn har til Noreg.
Etter endringane i regelverket for tilbakekall av statsborgarskap, har UDI lagt bort 97 saker som gjaldt barn fordi dei hadde sterk tilknyting til Noreg. Alle desse 97 sakene vart oppretta før endringane i regelverket for tilbakekall av statsborgarskap tredde i kraft 15. januar 2020. Etter endringa av regelverket opprettar ikkje UDI nye tilbakekallsaker på barn som er busett i Noreg og blir vurdert å ha ei sterk tilknyting til Noreg.
UDI har tilbakekalla statsborgarskapet til barn i 44 saker, der dei etter ei konkret heilskapsvurdering har kome til at barna ikkje har sterk tilknyting til Noreg. Barna har enten aldri budd i Noreg, har lita sjølvstendig tilknyting til Noreg på grunn av ung alder, eller har langvarig opphald utanfor Noreg og sterk tilknyting til opphavslandet eller eit anna vestleg land. 29 av barna var over seks år då vedtaket vart gjort, og åtte var mellom 12 og 17 år gamle. 70 prosent av barna som fekk tilbakekalla statsborgarskapet er registrerte med meir enn fem års opphaldstid i Noreg på tidspunktet for vedtak, medan ti av barna var registrerte med opphaldstid i Noreg på meir enn ti år.
UDI viser til at opphaldstida barna er registrerte med i UDIs datasystem og i folkeregisteret i dei aller fleste av dei 44 sakene ikkje er reell. Årsaka til dette er at foreldra ikkje har meldt barna utflytta frå Noreg i folkeregisteret, og at dette først blir oppdaga mange år etter at familiane har flytta frå Noreg. UDI opplyser at ingen av dei 44 barna som har fått tilbakekalla norsk statsborgarskap hadde reell opphaldstid på ti år eller meir. UDI uttalar at dei fleste av dei 29 barna som var over 6 år på tidspunktet for tilbakekall, og dei 70 prosentane som har budd i Noreg i over 5 år på tidspunktet for tilbakekall, er små barn i barnehagealder og tidleg skulealder som ikkje lenger bur i Noreg og ikkje har vore busett her på fleire år. Det same gjeld barna som var mellom 12 og 17 år då dei fekk tilbakekalla statsborgarskapet.
UDI har 50 ubehandla saker om tilbakekall av statsborgarskap som gjeld barn. Desse 50 sakene er òg oppretta før nytt regelverk for tilbakekall tredde i kraft. UDI opplyser at dei aller fleste av desse sakene truleg vil bli lagt bort. UDI understrekar at sjølv om foreldra risikerer å få sine statsborgarskap tilbakekalla, vil barna som hovudregel ikkje risikera tilbakekall. UDI vil berre vurdera tilbakekall av statsborgarskap til barn i eit fåtal saker, og berre for barn som aldri har budd i Noreg, som har flytta frå Noreg eller er i barnehagealder eller yngre, utan sjølvstendig tilknyting til Noreg.