Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1337 (2021-2022)
Innlevert: 20.02.2022
Sendt: 21.02.2022
Besvart: 28.02.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Korleis vil næringsministeren sørge for at små og mellomstore bedrifter i Noreg får konkret, matnyttig og rettidig informasjon om dei store endringane som er på gang i retning ein fossilfri og sirkulær økonomi i Europa som følgje av EUs grøne giv (Europan Green Deal) og "Fit for 55" – slik at eit størst mogleg mangfald av bedrifter kan nytte seg av høva desse felles europeiske satsingane gir til grøn vekst og nye grøne arbeidsplassar i Noreg?

Begrunnelse

EUs grøne giv (European Green Deal) er en strategi for grøn vekst som skal sikre eit meir berekraftig og konkurransedyktig Europa, med mål om klimakutt på 55% innan 2030, klimanøytralitet innan 2050 og ei gjennomgripande omstilling av heile den europeiske økonomien frå fossilt til fornybart/sirkulært. Innhaldet i pakken omfattar både finansielle verkemiddel, endringar i regulatoriske rammer og ei rad andre tiltak som vil påverke norske bedrifter i så og seie alle deler av næringslivet sterkt – anten direkte gjennom EØS-avtalen eller på andre måtar. Sentralt i EUs grøne giv står klimapakken «Fit for 55/ Klar for 55», som inneheld framlegg til endringar av mange av EUs lover og reglar på klima-, transport og energifeltet og med mål om å ha det meste på plass i løpet av inneverande år.
EUs grøne giv gir store moglegheiter for auka verdiskaping for norske bedrifter i heile den europeiske marknaden – og kan gi drahjelpa vi treng for raskare norsk omstilling til ein grøn og sirkulær økonomi. Det er likevel ei utfordring at vi som ikkje-medlemsland i EU sit «på utsida» av mange av dei viktige prosessane som no pågår – prosessar som går føre seg i raskt tempo, er svært omfattande, sektorovergripande og teknisk kompliserte.
Skal vi sørge for at Noreg nyttar dei høva til grøn omstilling og grøn vekst som ligg i EUs grøne giv, må vi både vere tett på dei prosessane som no pågår i EU – og raskt får spreidd kunnskap i norsk næringsliv om endringane som vil kome i stort tempo i finansielle og regulatoriske rammevilkår i åra framover. Særleg viktig vil det vere at vi også klarer å nå ut til dei mange små og mellomstore bedriftene i Noreg som ikkje sjølv har innside-kapasitet til å setje seg inn i og analysere den «grøne revolusjonen» som no vil feie gjennom Europa, og nytte dei store moglegheitene dette gir til grøn vekst og nye marknader. Eg håpar og ventar at Næringsdepartementet har ein klar strategi for korleis vi når ut til mangfaldet av SMB-bedrifter i Noreg med konkret, matnyttig og rettidig informasjon om EUs grøne giv og «Fit for 55», og ser fram til å få meir informasjon om dette.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Spørsmålet representanten stiller er viktig og relevant. Denne regjeringa tek eit aktivt grep om grøn omstilling. Sidan regjeringa tiltredde har eg vore i ei rekkje møter med små og store verksemder, partane i arbeidslivet, og interesseorganisasjonar. Det er stor interesse i norsk næringsliv for utviklinga i EU, EU sin grøne giv og Klar for 55-pakka. Dette har ofte vore tema i desse møta. Slike møte gjev høve til å informere om moglegheitene som finst i EU. Dei gjev også høve til å ta imot innspel, og desse innspela tek regjeringa med seg i sitt arbeid.
Fyrst vil eg nemne at Noreg deltek i fleire rammeprogram og korleis vi har tilpassa verkemiddelapparatet, og deretter peike på nokre andre prosessar eg driv. Til slutt vil eg minne om at andre statsrådar også jobbar med grøn giv. Regjeringa vil vurdere å sette verk fleir tiltak om det visar seg naudsynt.
Noreg deltek i EU sine rammeprogram for forsking og utvikling. Desse programma er viktige for å finansiere EU sin grøne giv. Gjennom programma kan norske små og mellomstore verksemder søkje om midlar på lik linje med europeiske verksemder. Innovasjon Noreg og Forskingsrådet har ansvar for å leggje til rette for norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og utvikling, og gir informasjon, støtte og rådgjeving til norske søkjarar. Norske aktørar har godt gjennomslag for sine søknadar i EU.
Samstundes treng vi eit bevisst samspel mellom nasjonale og internasjonale satsingar. Vi har difor i større grad rigga det norske verkemiddelapparatet mot grøne prosjekt gjennom ordningar som grøn plattform og grøne vekstlån. Desse satsingane medverkar mellom anna til å sette norske aktørar i stand til å vere konkurransedyktige internasjonalt.
I oppdragsbrevet frå Nærings- og fiskeridepartementet til Innovasjon Noreg er det for 2022 gjort ei satsing og sett av 27 mill. kroner til mobiliseringsmidlar og arbeid i samband med EU-programma InvestEU, COSME, Horisont Europa og IPCEI. Departementet har kommunisert forventningar om at norske aktørar skal møte eit godt koordinert verkemiddelapparat i mobiliseringsarbeidet for at norske verksemder kan ta del i dei felles europeiske satsingane innanfor grøn omstilling og vekst.
Som ein del av regjeringa sitt grøne industriløft vil eg våren 2022 leggje fram eit vegkart. I arbeidet med vegkartet vil eg samarbeide tett med partane i arbeidslivet, industrien, akademia og verkemiddelapparatet for å identifisere og belyse problemstillingar, erfaringar og tiltak. EU-regelverket dannar viktige rammevilkår for norsk industri og anna næringsliv, og vil vere eit naturleg tema i arbeidet. Departementet vil bruke moglegheitene dette gir til å informere næringslivet og næringsorganisasjonane.
Eg vil minne om at andre departement også arbeider med saker om det grøne skiftet og at dei òg gir informasjon til verksemder. Framlegga i klar for 55-pakka har vore på høyring som del av departementa sitt laupande arbeid. I dette arbeidet er det mange møteplassar mellom forvaltninga og næringslivet. Eit døme er at Klima- og miljødepartementet driv ei referansegruppe for EØS-saker om miljø, med deltaking frå organisasjonar for næringslivet, arbeidstakarar og sivilsamfunnet.
Andre initiativ er retta direkte mot EU sin grøne giv. Til dømes har Utanriksdepartementet i samarbeid med Innovasjon Noreg i vinter arrangert fleire seminar om Europa sin grøne giv, norske prioriteringar og moglegheiter for næringslivet. Målet var å hjelpe norske verksemder og utanriksstasjonar til å bidra med løysingar til Europas grøne giv. Seminara fokuserte på viktige satsingsområde som karbonfangst og -lagring, solenergi, havvind, grøn skipsfart, hydrogen og batteriteknologi. I to av seminara vart det organisert møte mellom verksemder og ambassadar innanfor de ulike satsingsområda for å fremje kunnskapsutveksling og kontaktar.