Liv Kari Eskeland (H): Når kan vi forvente at departementet har bestemt seg, og kan godkjenne statens eige reguleringsplansframlegg for fellesprosjektet E16/Bergensbanen mellom Arna og Stanghelle?
Begrunnelse
Regjeringa Solberg vedtok og sette i gong arbeidet med statlig plan for fellesprosjektet E16/Bergensbanen mellom Arna og Stanghelle. Samferdselsministernes parti har flere gonger, også i form av eigne framlegg, etterlyst framdrift i dette prosjektet.
Vi er kjend med at det no ligg ein endelig statlig reguleringsplan til handsaming i kommunal- og distriktsdepartementet; ein ferdig reguleringsplan som staten gjennom Statens Vegvesen har utarbeidd. Det ser imidlertid ut som om regjeringa brukar lengre tid enn planlagt for å handsame den ferdige planen og vi er uroa for framdrifta i prosjektet om ikkje planen snart vert godkjend. Det var tidligere antyda ferdigstilling i slutten av januar, no skriv vi mars utan at vi har fått lagt fram godkjend plan. Ber difor om at departementet legg fram revidert framdrift for prosessen mot ein godkjend reguleringsplan.