Alfred Jens Bjørlo (V): Kva vil justisministeren gjere for at asylsøkjarar som har fått avslag på søknaden sin, men av ulike årsaker ikkje kan sendast ut av landet, kan leve eit meir verdig liv medan dei er i Noreg?
Begrunnelse
Kommunedirektør Terje Heggheim i Kinn kommune i Vestland, kom sist veke med eit «nødrop» i ei sak som opprører mange menneske landet rundt som lever tett på eit asylmottak, jmf. https://kinn.kommune.no/aktuelt/kommunedirektoren-sitt-fredagsbrev.7928.aspx.
I Florø i Kinn kommune er det eit asylmottak som pr. i dag har 159 bebuarar, av dei 45 barn, frå 16 ulike land. 81 av dei 159 asylsøkjarane har fått endeleg avslag på søknaden sin, men kan av ulike årsaker ikkje sendast ut av landet. Dei fleste kjem frå krigsherja land eller frå regime der menneskerettane ikkje blir respektert.
Desse menneska, som er i ein fortvila livssituasjon frå før, har etter endeleg avslag ikkje nokon rettar i samfunnet utover akutt rett til akutt helsehjelp. Heller ikkje frå kommunen dei bur i og for alle praktiske formål er ein del av lokalsamfunnet i. Mange av dei vaksne lengesitjande asylsøkarane har komplekse helseutfordringar, men lite pengar, ikkje rett på fastlege, ikkje til arbeidsløyve og heller ikkje rett til opplæring. Operasjonar og kirurgiske inngrep vert ikkje gjort av helseføretaka, sidan dei ikkje har rett på det. Dei lever ein passiviserande kvardag i ein limbo i livet utan dei rettane vi andre tek som sjølvsagt – ofte over mange år – på grunn av eit heimland i krig eller utan respekt for grunnleggande menneskerettar.
I lengda er ikkje dette nokon verdig situasjon, verken for menneska det gjeld eller for det norske samfunnet. Det er prisverdig at Kommunedirektøren i Kinn «tek bladet frå munnen» som ein i utgangspunktet nøytral byråkrat og løftar denne debatten på eit prinsipielt grunnlag. Eg ser fram til å høyre kva justisministeren meiner kan gjerast for å hjelpe lengesitjande, ureturnerbare asylsøkjarar til å få eit meir verdig liv – utan at det endrar det faktumet at dei som har fått avslag på ein asylsøknad skal sendast ut av landet når situasjonen i heimlandet gjer dette mulig.