Helge André Njåstad (FrP): Det vart i samband med budsjettavtalen for 2021 mellom regjeringspartia og Frp løyvd 15 millionar kroner i statsbudsjettet øyremerkt til planarbeid for strekningen Kyrkjenes-Bjotveit på rv. 13.
Kan samferdsleministeren forsikre om at Nye Veier AS har sett i gang planarbeid spesifikt for strekningen Kyrkjenes-Bjotveit?
Begrunnelse
Statens vegvesen omdisponerte planmidlane for denne strekningen. I eit svar til underteikna i oktober 2021 frå dåverande samferdsleminister sette han som ein føresetnad for omdisponeringa av planmidlane at Nye Veier AS sette i gang planarbeid for Kyrkjenes-Bjotveit på rv. 13. Frp prioriterte planmidlar for denne vegstrekningen fordi den er altfor smal i høve trafikkmengda om sommaren, noko som er til hinder for turisttrafikken gjennom Ullensvang. Beredskapssituasjonen for naudetatane er kritisk med omsyn til framkome på vegen. Det har resultert i lysregulering og kolonnekøyring der om sommaren. Situasjonen er ikkje haldbar for fastbuande, pendlarar, næringsliv og turistar. Det trengst ei snarleg utbetring av strekningen.
Dei øyremerkte midlane til planarbeid for strekningen Kyrkjenes-Bjotveit er etter det eg kan sjå ikkje omdisponert av Stortinget i høve avsette midlar på statsbudsjettet. Ein må difor forutsette at Nye Veier AS gjennomfører planarbeidet spesifikt for denne vegstrekningen.