Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til finansministeren

Dokument nr. 15:1495 (2021-2022)
Innlevert: 07.03.2022
Sendt: 08.03.2022
Besvart: 11.03.2022 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Når vil Regjeringa utforme forskrift, heimla i den nyleg vedtekne vareførselslova § 1-2 (6), for Svalbard som tollområde, slik at vi kan hindre ulovleg innførsel og utførsel av isbjørnskinn?

Begrunnelse

I dag er det godt dokumentert at internasjonal handel med isbjørnskinn frå Canada kan true overlevinga til isbjørnen som art i området, slik Vitskapskomiteen (VKM) har vist til i ei orientering i KLD 2. juni 2020. I Prop. 237 L (2020-2021), som vart handsama i Stortinget 3. mars 2022, vart det vist til at regjeringa vil vurdere å etablere eit eige tollområde på Svalbard for å hindre ulovleg innførsel og utførsel av isbjørnskinn. Dette kan gjerast ved ei forskrift, jamfør §1-2(6) i den nyleg vedtekne Vareførselslova.
I 2019 ba Miljødirektoratet VKM gjere ei vitskapleg risikovurdering for isbjørn på grunnlag av kriteria gitt under konvensjonen om internasjonal handel med trua artar (CITES-konvensjonen). I oppdragsbrevet fra Miljødirektoratet vart det presisert fylgjande:

«CITES regulerer internasjonal handel med trua artar. For tida er Canada einaste nasjon i verda som tillet kommersiell eksport av isbjørnprodukt hausta frå eigne ville bestandar. Isbjørn er lista på CITES liste II (norsk liste B), og ved import til Noreg er det difor krav om både løyve til utførsel frå canadiske CITES- styresmakter og løyve til innførsel fra Miljødirektoratet. I Noreg er det også krav om CITES-eigarsertifikat for alle produkt av isbjørn.»

I Prop. 237 L er det stilt kritiske spørsmål rundt handel med Canadiske isbjørnskinn på Svalbard, og om kontrollen med CITES-regelverket der er godt nok eller bør styrkast. Grunnen er at det er sannsynleg at Svalbard vert nytta for videreformidling av isbjørnskinn som ellers ville vore ulovleg innførte i land som er tilslutta CITES-konvensjonen. Det er difor all grunn til å styrke kontrollen med ei forskrift som sikrar Svalbard som eit eige tollområde for produkt som isbjørnskinn, og som er omfatta av CITES-konvensjonen.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Svalbard er ikkje ein del av tollområdet og dagens tollov gjeld difor ikkje på Svalbard. I den nye vareførselslova er tollområdet det same som i tollova, men det er heimel i § 1-2 sjette ledd for å fastsetja i forskrift at lova heilt eller delvis skal gjelde for Svalbard og Jan Mayen. Då kan det også bestemmast om disse områda kvar for seg eller saman skal være eit eige tollområde.
Teksten i Prop. 237 L (2020-2021) om at det «har blitt stilt kritiske spørsmål rundt handelen med Canadiske isbjørnskinn på Svalbard, og om kontrollen med CITES-regelverket er god nok eller om den bør styrkes», er sitat frå Klima- og miljødepartementet sitt høyringssvar til forslag til ny vareførselslov. Dei meinte at det bør leggjast til rette for betre kontroll med vareførselen til og frå Svalbard, og framheva at det mellom anna er viktig for god etterleving av konvensjonen 3. mars 1973 om internasjonal handel med vill flora og fauna (CITES).
Forskriftsheimelen i vareførselslova gjev lovgrunnlag for å innføre kontroll med vareførselen til og frå Svalbard innanfor vareførselslova si føremål og rammer, men korleis kontrollen eventuelt bør innrettast og omfanget av den, er ikkje avklart.
Etablering av kontroll med vareførselen til og frå Svalbard vil føre med seg kostnadar som Tolletaten ikkje vil kunne handtere innanfor eigne rammar. Det vil mellom anna krevjast økt bemanning, nødvendige kontrollokale og IT-utvikling. Ei etablering av kontroll med vareførselen til og frå Svalbard må difor handterast ein ordinær budsjettrunde og saka må prioriterast opp i mot andre føremål i statsbudsjettet. Fyrst når dei budsjettmessige forholda er avklart, vil det kunne fastsetjast forskrift med heimel i vareførselslova § 1-2 sjette ledd.
Sjølv om det i dag ikkje er kontroll med vareførselen på Svalbard, betyr ikkje det at ein kan frakte isbjønskinn frå Canada via Svalbard til Noreg utan nokon form for kontroll. Varar som kjem frå Svalbard til Noreg, vil være underlagt vanleg tollkontroll ved innførsel til Noreg.