Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1516 (2021-2022)
Innlevert: 09.03.2022
Sendt: 09.03.2022
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 16.03.2022 av kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Meiner samferdselministeren at ferjefylka er sveltefora ang. statlege løyvingar til sin drift, når til dømes Møre og Romsdal fylke går med 395 million kr i overskot, og har samferdselministeren plan om å revidere og endre ferjeinntektsnøkkelen til fylkeskommunane, jamf. at SP og AP i ferjefylka høglytt har hevda at ferjedrifta er underfinansiert av staten?

Begrunnelse

I mange år har vi fått høyre frå spesielt SP men også AP at ferjedrifta i ferjefylka har blitt underfinansiert av staten. Det er hevda at fylkeskommunane har vore kraftig underfinansiert for drifta av ferjene frå staten. Mange fylkeskommunar har derimot levert store overskot der både Møre og Romsdal og Nordland spesielt har gode driftsresultat og høge fondsavsetningar. Møre og Romsdal Fylkeskommune gjekk i 2019 med eit overskot på 313,5 million kroner og no i 2021 la fylkesrådmannen fram eit driftsresultat på heile 395 million kroner i mindreforbruk i drifta. Likevel har politikarar frå både SP og AP hevda at fylkesferjene var underfinansiert av staten, sjølv om altså ferjefylka "vassar i pengar" og fylkeskommunane lever i "suss og i dus" økonomisk ser det ut til. Fylkesordførar frå AP og leiaren i samferdselsutvalget frå SP i Møre og Romsdal var sågar i Stortinget og klaga si nød ang frejedrifta i 2019, samtidig som det samme dagen vart lagt fram dei gigantstore overskota i drifta til fylket.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Fylkeskommunane får den største delen av inntektene sine som skatteinntekter frå eigne innbyggarar og rammetilskot frå staten, såkalla frie inntekter. Frie inntekter er midlar som fylkeskommunane kan rå fritt over, utan andre føringar frå staten enn gjeldande lover og reglar. Det overordna føremålet med inntektssystemet til fylkeskommunane – som fordeler dei frie inntektene – er å utjamne dei økonomiske føresetnadene, slik at alle har moglegheit til å tilby eit likeverdig tenestetilbod til innbyggarane sine, og til å kunne tilpasse tenestetilbod til lokale forhold. Utgifter til ferjedrift vert også dekt av dei frie inntektene.
I Hurdalsplattforma står det at alle innbyggarar skal ha tilgang til god kritisk infrastruktur som veg og ferje, og at det er ei viktig oppgåve å gi eit godt ferjetilbod. For å gi kommunesektoren rom for auka tenesteyting, styrkte regjeringa dei frie inntektene til fylkeskommunane med 0,5 mrd. kroner for 2022 utover forslaget frå Solberg-regjeringa. I 2021 fekk kommunesektoren ein ekstra auke i skatteinntektene som bidrog til gode økonomiske resultat.
Kostnadsnøklane i inntektssystemet omfordeler ei gitt ramme mellom fylkeskommunane, men fastset ikkje størrelsen på beløpet som skal omfordelast. Dagens delkostnadsnøkkel for båt og ferje vart innført i 2018, og vart vidareført med nokre justeringar ved revisjonen av inntektssystemet i 2020. Departementet har nyleg kunngjort eit eksternt prosjekt for å få utvikla ein ny kostnadsmodell for utrekning av kriteriet normerte ferjekostnader. Departementet tar sikte på at prosjektet kan ferdigstillast i løpet av hausten 2022, og vil deretter vurdere om den nye modellen kan takast i bruk til å berekne ferjekriteriet i inntektssystemet. Ei eventuell oppdatering av modellen kan dermed tidlegast skje frå 2024.
Regjeringa utnemnde eit ekspertutval 8. mars i år, som skal gjere ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for fylkeskommunane. Dette inkluderer òg ein gjennomgang av alle delkostnadsnøklar, inkludert delkostnadsnøkkelen for båt og ferje. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. desember 2022.