Sveinung Rotevatn (V): Kva vil regjeringa gjere for å få tilbake eit reelt ettermiddagstog på Vossebanen, slik at det igjen blir mogleg å reise kollektivt til det populære friluftsområdet i Raundalen?
Begrunnelse
Raundalen i Voss herad er eit populært frilufts- og hytteområde. Det er òg ein av svært få stadar på Vestlandet der det er mogleg for folk å reise med tog til eit slikt område. Mellom Voss og Myrdal er det 12 stopp, som er til for fastbuande, friluftsinteresserte, næringsdrivande og hytteeigarar.
Det har alltid vore mogeleg å reise med tog fredag ettermiddag frå Bergen til desse haldeplassane i samband med helgeutfarten. Inntil nyleg gjekk det eit tog frå Bergen til Myrdal fredag klokka 16:58. Men etter at Vy la om rutetabellen rundt nyttår, går no siste tog kl. 15:29.
For dei fleste er dette framleis arbeidstid. Konsekvensen av endringa er at dei som tidlegare kunne reise miljøvenleg og kollektivt, no er avhengige av å køyre bil. Raundalsvegen held dessutan ein dårleg standard og har fleire krevjande og til dels farlege parti. For dei som held til på Upsete, særleg Upsete Fjellstove, får dette store konsekvensar, fordi tog (eventuelt ski) er einaste farbare framkomstmiddel om vinteren.
Tidlegare reisetabell var langt betre tilpassa kvardagen til arbeidsfolk som skal ta del i helgeutfarten. Å få tilbake denne frekvensen vil gjere det enklare å leve miljøvenleg og effektivt i kvardagen for dei mange som nyttar Raundalen som utfartsområde.