Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1588 (2021-2022)
Innlevert: 16.03.2022
Sendt: 16.03.2022
Besvart: 24.03.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei detaljert oversikt over status for regulering, planlegging, og detaljplanlegging av dei ulike utbetringspunkta for heile E-136 frå Moa i Ålesund til Bjorli?

Begrunnelse

E-136 Romsdalen er betegna som eksportvegen i Møre og Romsdal, og har vore vegprosjekt nr 1 i fylket i lang tid. Statens vegvesen har i snart 30-40 år holde på med planlegging eller rettare sagt mangel på planlegging. Statens vegvesen har åpenbart trenert planlegging av E-136, og dei siste 10 åra brukt sine planleggingsressursar på Møreaksen, ein omveg som omlag 80 % av innbyggjarane her i fylket ikkje vil ha. Det er svært mange flaskehalsar i E-136, heilt frå Ålesund og til innlandet grense.
I strekninga Ålesund til Tresfjordbrua har Statens vegvesen stort sett lagt vekk planlegging av strekning, og har kun fokusert på fjordkryssinga over Romsdalsfjorden.
Frå Tresfjordbrua er det svært mange områder som må utbetrast, dette er:
Måndalen, Innfjorden, Hjelviktunellen, Veblungsnes, Flatmark-Monge-Marstein, Skiri bru og krabbefelt opp Brustugelia. Sansynleg også andre områder. Det siste området i Brustugelia er det einaste ein veit er planlagt.
Med bakgrunn i Statens vegvesen sin trenering og nedprioritering over mange år av E-136 Romsdalen, vart dette vegområdet ført over til Nye vegar as sin portefølgje.
Mange er bekymra over framdrifta i prosjektet, men det kan saktens ikkje gå verre enn det som vi har opplevd med Statens vegvesen sine manglande evner og vilje til å gjere noko med Møre og Romsdal sin viktigaste veg.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: E136 går frå Ålesund sentrum til Dombås.
Strekninga frå Ålesund til Bjorli kan delast inn i 4 delstrekningar. Ålesund til Breivika, Breivika-Remmem (ved Tresfjordbrua/Vestnes), Remmem-Veblungsnes (ved Åndalsnes) og Veblungsnes-Stuguflåten (ved Bjorli). Frå Åndalsnes til Bjorli har Nye Veier overtatt ansvaret for utbygginga.
Ålesund-Breivika
Ein del av bypakke Ålesund. Det føreligg godkjent reguleringsplan for Lerstad-Breivika (Lerstadtunnelen med to tunnelløp) frå 2014. Forberedande entreprise er starta opp på Lerstad med skogrydding og forskjeringsarbeid. Det pågår endring av reguleringsplan i austenden av Lerstadtunnelen for å redusere kostnadene. Statens vegvesen forventar godkjent reguleringsplan seint på hausten 2022.

Breivika-Remmem

Denne delstrekninga er felles med E39, og planlegginga blir gjennomført som ein del av Møreaksen (Molde-Ålesund). Fjellovergangen Ørskogfjellet ligg på strekninga. Reguleringsplanen for delstrekninga Vik-Ørskogfjellet har vore ute på høyring og offentleg ettersyn med høyringsfrist 15. februar 2022. Reguleringsplan for forbikøyringsfelt (krabbefelt) på sørsida av Ørskogfjellet blei godkjent i 2018. Anleggsarbeidet er no i sluttfasen, og vil bli fullført i løpet av sommaren 2022. På grunn av mykje snø har anleggsarbeidet hatt stopp i vinter.

Remmem-Veblungsnes

På strekninga er det per no definert fem flaskehalsar inkludert nødvendige utbetringar for modulvogntog. Frå aust til vest er desse flaskehalsane Innfjorden, Måndalen (Vollabukta og Måna bru), Hjelviktunnelen og Gjermundnesåsen (også omtalt som Førneset og Tante Klaras Kro). Det er ikkje i gang eller planlagt reguleringsarbeid på denne strekninga.

Veblungsnes-Stuguflåten

Som ein del av porteføljeutvidinga i Nasjonal transportplan 2022-2033 vart ansvaret for E136 Dombås-Vestnes overført til Nye Veier. Selskapet har nyleg overteke plangrunnlaget frå Statens vegvesen. Nye Veier har i parallell med overtaking av grunnlaget frå Statens vegvesen starta arbeid med å førebu vidare reguleringsplanlegging og førebuing for fleire prosjekt på strekninga.
Det er dialog med Rauma kommune om utvikling av prosjekta på strekninga. To prosjekt er prioriterte og oppbemanna for vidare arbeid med reguleringsplanlegginga. Dette gjeld strekninga Flatmark-Monge-Marstein med jernbaneundergangen på Skiri, og prosjektet på Veblungsnes. Samstundes er Nye Veier i gang med å vurdere og kvalitetssikre regulert løysing i Brustuglia. Nye Veier har hatt fleire møte og synfaringar med lokale styresmakter på strekninga.
Nye Veier gjer som ein del av sitt førebuingsarbeid vurderingar på heile strekninga for å kartleggja kvar utfordringane er størst og kvar det er størst moglegheit for å få mest framkome og trafikktryggleik for pengane. Selskapet vektlegg god dialog og samarbeid med lokale og regionale styresmakter og interessentar i dette arbeidet.