Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram konsekvensane for ferjedrifta at drivstoffprisane er så høge samt dei skyhøge straumprisane, der det må skilljast mellom riks og fylkesvegferjer, og synliggjerast ved å vise differansen i kostnadane jamf. dei berekna kostnadane til stat og fylka, målt mot dagens reelle drifta av ferjene?
Begrunnelse
Det er stort fokus på ferjeprisar og kostnadane for dei reisande er ekstra høge no med dei skyhøge drivstoffprisane samt høge straumprisar.
Mange ferjestrekningar er elektrifisert, men fortsatt er dei fleste ferjesamband dieseldrevet.
Dei skyhøge straum og drivstoffprisane har konsekvensar også for ferjedrifta, og ein stor del av drifta er dekt inn av billettinntekter jamf. kontraktene med drivarane.