Skriftlig spørsmål fra Gisle Meininger Saudland (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1661 (2021-2022)
Innlevert: 24.03.2022
Sendt: 24.03.2022
Besvart: 01.04.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Gisle Meininger Saudland (FrP)

Spørsmål

Gisle Meininger Saudland (FrP): Hva vil statsråden gjøre for de som lever på livsoppholdssatser gjennom gjeldsordning som har fått økte levekostnader som følge av økt pris på strøm, drivstoff og mat?

Begrunnelse

Undertegnede får mange henvendelser fra enkeltmennesker som har gjeldsordning og som følge av det lever på livsoppholdssatser fastsatt av Barne- og likestillingsdepartementet. Flere på denne ordningen sliter nå med å kunne finansiere livsoppholdet. De lever allerede på trange budsjetter for å betale ned gjeld, og den sterke prisøkningen på varer som skal dekke helt nødvendige behov, som strøm, mat og drivstoff, gjør situasjonen for disse ytterligere forverret. Flere av disse vil ikke ha rett på sosialhjelp eller bostøtte, og faller derfor utenfor disse ordningene. Undertegnedes spørsmål til statsråden er derfor om hun har tenkt til å gjøre noe for denne gruppen som kan avhjelpe situasjonen.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Situasjonen med auka prisar på straum og andre hushaldsutgifter er ei utfordring for mange hushald. Dei som i tillegg har tyngande gjeldsplikter og lever på livsopphaldssatsar under ei gjeldsordning, vil vere utsett for å få fleire betalingsproblem om livsopphaldet ikkje strekk til.
Regjeringa har innført tiltak for å dempe verknaden av dei høge straumprisane. Støtteordningane er særleg viktige for hushald med stram økonomi. Auka priser kan likevel gjere at mange under gjeldsordning slit med å betale gjeld og samstundes ha nok pengar til faste utgifter.
Livsopphaldssatsane blir justerte årleg etter konsumprisindeksen. Over tid vil derfor satsane ta omsyn til prisvekst og auka levekostnadar. Satsane er basert på eit normalnivå for dei ulike postane i eit hushaldsrekneskap, og tek ikkje høgde for ekstraordinære situasjonar. Det er meininga at situasjonar med ekstraordinære utgifter kan løysast ved at det blir gitt eit skjønsmessig tillegg til den vanlege livsopphaldssatsen. Slik kan ein større del av inntekta nyttast til å dekkje eigne naudsynte utgifter framfor at alt skal gå med til å betale kreditorane.
Barne- og familiedepartementet har nyleg gitt ut eit rundskriv til alle namsmenn om ekstraordinære straumutgifter ved gjeldsordning og utleggstrekk. Det er namsmannen som gjer ei skjønsmessig vurdering om behovet for å setje av meir til livsopphald. Rundskrivet er meint som ei rettleiing for den konkrete vurderinga som namsmannen skal gjere av behova til den einskilde når ei gjeldsordning skal vedtakast eller ved endringar i gjeldsordninga. Eg meiner rundskrivet vil vere til stor nytte i den ekstraordinære situasjonen vi har no, og ved tilsvarande situasjonar i framtida.
Eg vil òg leggje til at departementet arbeider med ein lovproposisjon om endringar i gjeldsordningslova. Denne tek eg sikte på å leggje frem for Stortinget neste vår. Endringane skal gjere det raskare og enklare å kome i gang med ei gjeldsordning for dei som er kvalifiserte til det. Ei vurdering av dei gjeldande livsopphaldssatsane er ein del av arbeidet. Det er mellom anna føreslått ein ny ungdomssats som kan betre rammene for familiar med ungdom.